Det vil vere til stor hjelp for alle førarar av tunge køyretøy om alle lærer seg rettleiinga om bruk av retningsvisar (feilaktig (?) ofte kalla blinklys). Det vil sjølvsagt vere til stor hjelp for alle andre førarar av ulike kørety også, og hjelpe til med å halde flyten i trafikken. DET ER IKKJE VANSKELEG !

1. Tenk at rundkøyringa er eit vegkryss !

2. Skal du til HØGRE, brukar du retningsvisar til HØGRE FØR du køyrer inn i rundkøyringa.

3. Skal du rett fram, INGEN retningsvisar FØR innkøyring, men gjev gjerne tegn til HØGRE når du passerer midten av utkøyringa før den der du skal ut.

4. Når du skal til VENSTRE gjev du tegn til VENSTRE FØR du køyrer inn i rundkøringa, plasserer deg til venstre. Tenk at trafikantane i mot slik ser at du kjem til å krysse køyrebanen deira, og du hjelper til med å unngå uhell og i verste fall ulykker.

Tegn til HØGRE når du passerer midten av utkøyringa før den der du skal ut.

Ser du ? IKKJE VANSKELEG ! Ser fram til å møte deg i neste rundkøyring ! smiley

Ein ting til når det gjeld rundkøyringar:

Dei små trekantane som dannar ei linje før rundkøyringa vert, som sikkert mange veit, kalla VIKELINJE. Altså skal du sjølvsagt ikkje passere den når det kjem trafikk frå venstre, og heller ikkje ta igjen og presse deg føre køyrety til høgre for deg som er inne i rundkøyringa før du sjølv passerer vikelinja !