Her er problemstillinga: Lange køretøy må ut mot midten av vegen for å komme rundt høgresvingen sin uten å køyre i grøfta, eller inn i autoværnet. Vogntog “knekk” der tillhengarfestet er, og greier seg med litt mindre plass enn ein buss. Men bussen MÅ ut mot midten av vegen i høgresvingar fordi den vanlegvis er 12 -15 lang og aldeles ikkje deler seg på midten !
Difor: Vær så snill Å HALDE SIDA DI GODT I VENSTRESVINGANE slik at bussføraren slepp å legge bussen inn i autoværnet for å unngå kollisjon.
OG: Eg er ofseleg vonbroten over alle som sløvar seg gjennom venstresvingane sine, midt i vegen (eller over i motgåande køyrebane) med ei hand på rattet og med mobiltelefonen trykt godt inn i øyra med en andre,- tydeleg opptatt med alt anna enn trafikk og bilkøyring. For enkelte synest bilkøyring å vere eit slags naudsynt vondt noko som vert prioritert etter alle andra sysslar under køyreturen ! I verste fall kan slik nedprioritering koste andre, eller deg sjølv livet !