Noko av det dummaste eg veit når det gjeld science fiction og filmar som omhandlar verdsrommet, er lyden frå majestetiske romskip, lyd av eksplosjonar under stjernekrigsfilmar,- eller av andre årsaker, voldsomme drønn når stjerner eksploderer til og med i seriøse opplysnings- og dokumentrprogram.
Kvifor det er det dummaste eg veit ? Fordi det tome verdsrommet består av så godt som 100% vakum. Det er altså ingen gass der,- og dermed ingenting som kan transportere lydbølger !
Så om du dreg med deg ei hydrogenbombe eit stykkje ut i verdsrommet, plasserer deg på “trygg” avstand, og trykkjer på fjernkontrollen du har med deg som utløyser bomba,- vil du ikkje høyre så mykje som eit pip frå eksplosjonen.
Ikkje ein gong om du er vitne til den største eksplosjonen me i dag kjenner til, nemlig når ei stjerne som er stor nok og ustabil nok til at ho endar livet i ein supernova- eksplosjon, vil du høyre noko. Alt som skjer der ute skjer fullstendig lydlaust kva akustisk lyd vedlkjem !
Eg trur det berre er laga ein einaste film som tek dette seriøst,- nemlig 2001: A Space Odyssey frå 1968. Der er det null lyd i scenane frå rommet utanfor romskipet.
Men er verdsrommet heilt taust ? Absolutt ikkje ! Det er fullt av lyd nær gallaksar, omkring planetar og månar med ei eller anna form for atmosfære, nær stjerner og andre stadar. Men du kan ikkje høyre lydane med øyro sidan det ikkje er gass som lydbylgjene kan forlante seg i.
Sjølvsagt kan du høyre akustisk lyd om du beveger deg inn i atmosfæren til eit himmellegeme. Der er det jo gass(ar) som kan transportere lydbylgjene.
Men me kan likevel høyre lyden ute i det uendelege vakumet i det tome rommet også. Då lyt me ta i bruk tekniske hjelpemiddel som tek opp elektromagnetiske bylgjer, og andre energiar som vert sent ut frå stjerner, planetar osv,- og som endrar desse energiane / bylgjene til akustisk lyd i området me kan høyre ! Då høyrer me lyden fra verdsrommet.
Men menneska har alt sent ein sonde til ei anna verd med atmosfære,- rett nok svært ulik atmosfæren rundt vår eiga Jord,- men likevel atmosfære som lydbylgjer kan forplante sge i. Det skjedde den ufatteleg spanande dagen 14. januar 2005 då alle astronomi interesserte sat klistra til media som sende direkte då sonden Huygens kobla seg frå den kretsande romsonden Cassini, og dala ned gjennom skyene til Titan.
Titan er Saturn sin største måne, og ferda dit hadde teke over 8 år. Temperaturen på overflata er – 178 grader C. Atmosfæren er rundt 1,5 x tettare enn Jorda sin atmosfære, og består av så mykje som 98.4% nitroge. Dei resterande prosenta er for det meste metan og hydrogen, men også ei rekkje andre gassar.
På Titan regnar det stundom metan ! Temperaturen er så låg at metangassen går over i væskeform, og ein meiner at sjøane på Titan består også for ein god del av flytande metan.
NB! Om du skulle ta deg ein tur ut til Titan på oppdagelsesferd,- så ta for alt i verda ikkje med deg store mengder flytane metan tilbake til Jorda. Her vil nemlig gassen sjølvantenne pga tempperaturen ! Hadde Jorda hatt Titan sin atmosfære og sjøar, ville det vore eit fælsleg flammehav her ! Så lat metan”vatnet” være att der det er !
Her kan du høyre den ekte akustiske lyden frå vindane i ei framand verd,- tekne opp av mikrofonane til Huygens medan han dalar ned gjennom skylaga i fallskjermar for å lande på overflta.
Huygens helt fram med å sende data vía Cassini til Jorda i heile 90 minutt etter landinga trass det ugjestmilde og metan- iskalde miljøet. Cassini kretsar framleis rundt og observerer Titan.
Vil du sjå bilder, er det berre å søkje etter Titan Cassini-Huygens images, eller noko slikt.