Frå gamalt av vart nokre av stjernene me denne månaden ser på himmelen vakkert tolka mot Juleevangeliet.

Finn stjernebiletet Orion, som er forklart fleire gonger på astrosida mi.

Bildet er frå earthsky.org

Sjå på dei tre stjernene som står tett på kvarandre og dannar Orion sitt belte. Som før skrive heiter dei, sett ovanifrå og nedover skrått mot venstre: Mintaka, Alnilam og Alnitak.

Dei tre stjernene vart tolka som dei vise menn, Caspar, Melchior og Balthazar. Dei er på veg til Betlehem med gåver til Jesusbarnet. Og Betlehem i denne tolkinga finn me som den klaraste stjerna ein kan sjå frå Jorda utanom vår eiga stjerne, Sola,- nemlig Sirius.
Den ser du skine klart nede til venstre for dei tre stjernene som utgjer Orion sitt belte. Det er som dei peikar mot Sirius (Betlehem), og vandrar den vegen.

Du ser desse stjernene i sør rundt 24- tida om natta.

Fakta om stjernene som utgjer Orions belte:

Mintaka: Øverst til høgre i beltet.
Avstand frå Jorda: 916 lysår.
Lysstyrke: 90 000 x Sola sin.
Storleik: Eg er ikkje sikker, men massen er 20 x Sola sin masse.
Temperatur: 30 000 grader.

Alnilam: Midt i beltet.
Avstand frå orda: 1300 lysår.
Lysstyrke: 37 500 x Sola sin.
Storleik: 40 x Sola.
Temperatur: 25 000 grader.

Den sterke strålinga frå denne stjerna får nebulære skodda rundt stjerna til
å gløda med eit blåaktig skin.

Alnitak: Nederst til venstre i beltet.
Avstand frå Jorda: 818 lysår.
Lysstyrke: 100 000 x Sola sin.
Storleik: 20 x Sola sin diameter.
Temperatur: 30 000 grader.

Sirius, som altså ikkje høyrer til i stjernebildet Orion, men som du ser tindre klårat av alle lenger nede til venstre.
Avstand til Jorda: 8,6 lysår, og dermed ei av dei nermaste stjernene.
Lysstyrke: 26 x Sola sin.
Storleik: Knapt 2 x Sola sin diameter.
Temperatur: 17 000 grader.

Sirius A er den store stjerna. Bildet er teke med Hubble- telekopet ute i rommet. Sirius B er den ørvesle stjerna nede til venstre for Sirius A. Det er ein kvit dverg som ein gong var ei stjerne av betydelege dimensjoner, men som i siste del av livssyklusen har falle saman til det vesle grynet du ser samanlikna med Sirius A,- men ufatteleg komprimert. Om Jorda skulle vere komprimert på same måten, ville den berre måle 200 meter tvers over ! Og ein sukkerbit med materie frå ei slik komprimert kvit dvergstjerne ville vege opp til 200 tonn på Jorda !