Meteorsvermen Geminidene såg me lite til grunna oversky vér. Nå vel,- better løkk nekst taim,- for å skriva da på flaoting inglisj.

Då får me heller ta oss ein tur ut for å glane på Polarstjerna. Den har i veldig lang tid helde til omtrent rett over Nordpolen. Altså om du dreg til Nordpolen og veiftar rett over hovudet ditt med ein særleg lang strikkepinne, kan du pirka borti Stella Polaris.

Men strikkepinnen må som sagt vere lang,- 431 lysår lang for å vere nøyaktig. Eller om du absolutt skal ha det i km: 431 x 9.5 trillionar kilometer = ( rekna da ut sjøl ! )
Og om du skulle få det til, pass deg så du ikkje brenn deg på strikkepinnen for overflatetemperaturen til stjerna er rundt 7200 grader.
Skal du ha greie på kor stor ho er, så er måla: Diameter ca 45 x Sola sin diameter, massen er 7,5 x Sola sin masse og lysstyrken er 2200 x Sola sin lysstyrke.

Kvar du finn Stella Polaris har eg alt skrive, men du ser henne lett frå Noreg også.
1. Finn Karlsvogna
2. Sjå på dei to stjernene bakerst,- “bakhjulet” og stjerna rett over.
3. Trekk ei linje frå “bakhjulet” og opp til stjerna over.
4. Fortset i same retningen vidare ut i verdsrommet 5 x avstanden mellom dei to stjernene eg har nevnt i Karlsvogna, og du treff rett på Stella Polaris.

Stjerna har i livsfasen nådd punktet der ho har slutta å fusjonere hydrogen til helium i kjernen, og har gått inn i ein ustabil fase som gjer at lysstyrken pulserer svakt gjennom fire døgn.

Apropos Karlsvogna, så er den egentlig berre ryggen, rompa og halen til eit mykje større stjernebilete som heiter Store Bjørn, eller Ursa Major på fint.

Og Polarstjerna er ei av stjernen i Lille Bjørn,- Ursa Minor.

Sjå skissa under:
Men Polaris har ikkje alltid vore stjerna rett over polpunktet i nord. Den er forresten ikkje nøyaktig rett over polpunktet no heller, -men nermar seg stygt, og vil stå rett over 24. mars år 2100.
Om du går tur kvar dag, og et sunn vegetarmat kan det godt hende du får oppleve den dagen.

Då egyptarane kava rundt og bygde pyramidane sine, var det øverste stjerna bak i Karlsvogna som stod nermast polpunktet. Den heiter Dubhe, og befinn seg 124 lyssår frå oss.

Om du tuttla deg vekk i skogen, veit du no korleis du finn nord, og med hjelp av Polaris kan du vonleg labba deg heim att.

Så lurer du kan hende på om pingvinane på Sørpolen har ei Sydpolstjerne dei kan kikka på. Diverre nei, og dei vil heller ikkje ha det på fleire tusen år. Det er ikkje likt for alle her på Jorda …