Kometen Ison kjem til å bli eit flott syn i november – desember i år. Han passerer berre 1,2 millionar km frå Sola, som er svært nær når me tenkjer på den voldsome energien stjerna vår produserer.
Om han kjem seg levande forbi Sola, meiner ekspertane at han vil lyse like sterkt som Månen slik at han også kan sjåast om dagen ! Han vil ha ein lang hale som strekjer seg ut mot høgre.
Har du eit teleskop, kan du alt no sjå Ison svakt mellom stjernene Pollux og Castor i stjernebiletet Gemini. Eg har laga ein skjermdump som eg har sett inn under. Du kjenner lett att stjernebiletet Orion (Betelgeuze er stjerna som utgjer venstre skulderknapp på skuldra til Orion),- og du ser Pollux og Castor litt over til venstre. Kometen Ison befinn seg no “mellom” desse to stjernene.