Asteroiden DA14
Fredag den 15. februar susar asteroiden DA14 rett over hustaka vore,- det er berre å halde på hatten 🙂 Ok, det var litt overdrive, men det er skjeldan ein asteroide passerer så nærme Jorda.
Siste utrekningar viser at han passerer berre 27 700 km, som altså er mykje nermare enn Månen som har ein middelavstand til Jorda på 384 403 km.
Det tyder at han passerer mykje nermare oss enn mange av satelittane som går i bane rundt Jorda.
DA14 vart oppdaga av spanske astronomar så seint som i fjor. Han var fyrst antatt å være 45 m i diameter, men er no «oppgradert» til å ha ein diameter på 60 m.
Han høyrer til S-type asteroidane, som vil sei at han har ein steinete
konsistens, for ein stor del silikat. Silikat er ei blanding av halvemtallet silisium og andre grunnstoff.
Men sjølv om han lagar ugreie i hårsveisen til dei av oss som har hår på
hovudet når han på fredag susar forbi oss med 11,5 km/sekunder, eller
rundt 41 500 km/t,- treff han oss ikkje. Så alle kan pusta letta ut….denne gongen ….
DA14 har om lag same omløpstid rundt Sola som Jorda har, sidan han brukar
vel 366 dagar på ein runde. Han passerer Jorda to gonger i året.
Tidspunktet er lø 20:24 norsk tid. Asteroiden kjem “oppover” frå sør og bevegar seg raskt nordover. Men ein lyt ha kikkert eller teleskop for å sjå han, og sjølv då vert det ei utfordring. Du kan sjå etter han på tida eg har nevnt, om du ser til høgre for stjerna Arcturus,- mellom den og stjernebiletet Løva du ser rett til høgre for Arcturus på skissa eg har laga under. Vidare fér han raskt oppover, og passerer mellom fyrste stjerna i “handtaket” til Karlsvogna og fyrste stjerna i “vogna”.
Det nederste biletet syner banen, og er frå NASA.