Ein kan verte noko forvirra over kva som er kva, og lure på om det i det heile tatt er nokon skilnad.

Her kjem forklaring.

KOMET

Kjernen i kometane kan variere i storleik, men er vanlegvis 10 til 50 km i diameter. Men når kometen nermar seg Sola og møter solvinden, som er lada partiklar som strøymer ut frå Sola, oppstår ei sjokkbølge på sida som møter solvinden. På same måte som ei sjokkbølge oppstår når eit fly nermar seg lydmuren. I denne sjokkbølga kjem eit stort antal komet- ionar saman (kongegerar) og ladar solmagnetfeltet med plasma. Slik vert sjølve kometen gøymd i ei ionisert tåke som strekkjer seg langt bak kometen og dannar halen. Den kan være enormt lang,- opp i mot 600 millionar kilometer er observert.

Men det oppstår enda ein hale,- nemleg den som vert til når varmen frå Sola fordampar is iblanda støv. Denne halen strekkjer seg ikkje rett bakover, men er ofte bøygd då den ikkje er så påverka av solvinden som gasshalen er.

Kometane kan kome frå den såkalla Oort- skya som er ei samling av kan hende mange trilliardar (!) iskometar ytterst i solsystemet vårt. Kometane som kjem derifrå har ei omløpstid på kan hende fleire 100 000, eller mange milionar år. Andre kjem frå Kuiper- beltet som er mykje nermare,- det startar utanfor Neptun. Desse kometane kan ha omløpstid på frå nokre få år og oppover til 200 år.

Det er også observert såkalla Exokometar. Dei er kometar som går i bane rundt andre stjerner enn vår Sol.

ASTEROIDE

Dei fleste asteroidane kjem frå asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter. Der går det eit ubegripelig digert lass med stein i bane rundt Sola, meir eller mindre i samla flokk. Desse objekta kan vere frå nokre meter opp til fleire kilometer i diameter.

Men det er også små asteroidebelte rundt Mars, Jupiter og Neptun.

Dertil er det asteroidar i Kuiper- beltet som er ei samling svært kalde asteroidar utanfor Neptun.

I Oort- skya som eg har skrive om under avsnittet som omhandlar kometar,- er det truleg også objekt som kan kallas asteroidar sjølv om det er fyrst og fremst er miliardar eller trilionar kometar som dannar Oort- skya.

Dei største asteroidane er mest som små planetar i storleik. Ceres sin diamter er 950 km. Pallas er 533 km i diameter, Vesta er 525 km i diameter og Hygeia mellom 350 -500 km i diameter. Dei høyrer alle til i asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter.

Asteroidane vart til då galaksen vår vart danna. Dei fleste truleg då klodar og / elle asteroidar koliderte og var knuste til mindre objekt som fortsette rundt Sola der objektet som vart knust tidlegare hadde sin bane.

METEORIDE

Ein klump / stein frå berre nokre mm i storleik opp til nokre meter i diameter som fér gjennom rommet oftast i bane rundt t.d Sola. Dei vert ofte fanga opp av gravitasjonen til Jorda, og slik trekt ned i atmosfæren vår.

METEOR

Når ein slik stein kjem ned i atmosfæren vert den svært varm grunna den voldsomme hastigheten på rundt 70 – 80 km / sekundet og friksjonen med molekylane i Jorda sin atmosfære. Dermed lyser den opp, og me ser ei lysande kule ofte med hale rase over himmelen i voldsom fart nokre i berre nokre sekund. Det me ser er METEORIDEN som er omtala over, som no har gått inn i atmosfæren og blitt voldsomt oppvarma. Det er sjølve lyset me ser som egentleg heiter METEOR. Altså inne i METEOR- lyset er den faste METEORIDEN.

METEORITT

Som oftast vil den sterke varmen fordampe heile METEORIDEN etter at den har lyst opp som METEOR. Men av og til fordampar ikkje heile objektet / meteoriden. Det som eventuelt er att fell ned på Jorda,- anten på land eller i hava. Det er denne resten som når heilt fram til jordoverflata som kallast METEORITT.