P { margin-bottom: 0.08in; }

Natt til mandag 05. august kl 00:05.

Eg var nett utanom døra for å lufte voffen eit lite bel før eg skulle legge meg. Som vanleg retta eg nasa oppover slik eg plar gjere når eg er ute,- og særleg når det er myrkt,- for å halde eit auga med kva som skjer ute i rommet. Eg har snubla nokre gonger av den grunn opp igjennom åra ……

Eg vart med ein gong merksam på eit lys på veg i retning syd- syd aust. Brått skein det opp enda kraftigare, dempa seg litt att for så enda ein gang å skine kraftig opp med eit sølv- gulaktig skin. Deretter avtok lyset noko, men var likevel svært lett å sjå der det heldt stø kurs til objektet forsvann bak furutoppane på Øvre Ådland på Stord.

Hmmm……fly med tende landingslys kunne det ikkje vere, då landingslysa er vent framover og dette objektet fór i frå meg. Planetar og stjerner har eg god kontroll på,- dessutan flytter ikkje dei så fort på seg slik me ser dei. Konklusjonen vart at det nok dreide seg om ein av dei mange satelittane som kretsar rundt planeten vår i ulike avstandar. Eg tutla meg inn att, og oppdaterte meg kjapt på satelitt- passasjar over Furet Værbit,- eller Noreg om du vil. . Det lysande objektet synte seg å vere den amerikanske kommunikasjonssatelitten «Iridium 49». Han har helde til der ute sidan 20. desember 1997, og seglar sine rundar rundt Jorda med 26 928 km/timen, 781 km frå Jorda.

Den 11. august kjem han rett over oss igjen kl 01:55 om natta. Då kan du sjå han like klårt. Men du kan også sjå han litt lenger til vest den 8. august kl 02:28, og jammen fér han også gjennom nabolaget alt 23 timar og 33 minutt seinare, altså den 9. august kl 01:55,- då litt aust for oss.

Iridium- satelittane er kjende for å skine opp ute i verdsrommet. Grunner er banen og høgda dei har som gjer at me lett ser solcellepanela deira reflektere lyset frå Sola. Oppheld du deg i ein gunstig vinkel mellom Sola, Iridium- satelittan og deg, ser du det skine kraftig opp der ute i myrke.

Det vart skóte opp 66 Iridium- satelittar, men den 10. februar 2009 tørna ein av dei, Iridium 33, saman med ein den Russiske kommunikasjonssatelitten Cosmos 2251 slik at det er 65 Iridium- satelittar att.

Det er god plass i Universet, men akkurat rundt vår klode er det trangt om plassen med rundt 13000 virksame satelittar i bane. Meir enn 20 500 satelittar har slutta å fungere sidan 1957 ! Nokre av dei er der ute framleis, andre har brunne opp etter å ha kome inn i Jorda sin atmosfære.

Under ser du bilete av ein Iridium- satelitt. Det er når lyset frå Sola treff dei store solcellepanela som så reflekterer sollyset ned til oss, me ser eit uvanleg strekt lys segle over himmelen.