VEGA

Du ser denne klare stjerna i stjernebiltet Lyren (oppkalla etter eit oldtidsinstrument). I kveld 13. oktober står ho oppe til høgre for Månen. VEGA er berre 25 lysår frå oss. Slik at om du snekrar saman eit romskip som kan suse avgårde med farten til lyset, vil du berre bruke 1,3 sekundar til Månen…og altså «kun» 25 år til Vega. Du fér då avgårde med nær 300 000 km i sekundet.

Storleiken til Vega er rundt 2,7 x større enn Sola, og ho roterer svært raskt med 240 km/sek. Ho brukar berre 12 1/2 time på ein runde. Det vil sei at rotasjonshastigheita er 87,6% av farten ho måtte hatt for rett og slett løyse seg opp pga sentrifugalkreftene.

Difor er VEGA «klemt utover på midten», altså ein god del breiare rundt ekvator enn rundt polane.

På VEGA er et «godt» og varmt,- ca 7000 grader rundt ekvator, og 10 000 grader ved polane.

Sist sommar oppdaga astronomane asteroidebelte rundt Vega, omlag som asteroidebeltet som i vårt solsystem ligg melleom Mars og Jupiter. Ein trur difor at det også er planetar som kretsar rund denne sola.Sol er det same som stjerne,- kjært barn har mange navn !


VEGA er den blå stjerna, og den til høgre er vår eiga Sol. Du ser VEGA er ein god del større og at ho bular ut rundt ekvator. Blåfargen kjem pga av den høge temperaturen.