Eg har markert med raut der det svarte holet Cygnus X1 er. 6050 lysår frå oss. Les teksten under.
Det store stjernebiletet Cygnus (Svana) er lett å sjå. Stjerna som dannar hovudet til Svana, er Deneb. Den er 200 x større enn Sola (litt mindre enn Betelgeuse) , og har ein temperatur på rundt 9000 grader C. Det spesielle med Deneb, er at ho er blandt dei fjernaste stjernene me kan sjå med auga,- avstanden er truleg 2600 lysår. Altså med 1,3 sekund til Månen, vil du likevel bruke 2600 år på å reise til Deneb. Me avstanden er ikkje heilt klarlagt,- stjerna kan til og med vere opp til 7000 lysår borte.
Stjerna der vengene til Svana er festa ( i “krysset”), heiter Sadr. Avstanden er 1782 lysår og temperaturen ca 6200 grader. Ho er minst 100 x større enn Sola.
Spanande om Cygnus: Omtrent der du ser stjerna under Sadr (som er i krysset), altså omlag halvegs nede på “kroppen” til Svana under vengene ser du ei svakare stjerne:Eta Cygni, eller HIP98110. Den befinn seg 138 lysår frå oss, og er altså mykje nermare oss enn Deneb og Sadr. Også denne stjerna er mykje større en vår Sol.
Men det som er verkeleg spanade (og skremande) er dei to stjernene i “same” området, men 6050 lysår frå oss. Der er det to stjerner som sirklar tett rundt kvarandre. Den eine er ei varm superstjerne (altså mykje større en vår Sol), ho er blåaktig grunna den høge temperaturen og skin rundt 300 000 gonger sterkare enn Sola. Ho vert kalla HDE 226868, og har masse 19 x Sola sinn.
Den andre stjerna har masse på 15 x Sola sin masse, men er svært lita. Ei har rekna seg fram til at ho må vere den kolapsa kjerne til ei stjerne.
Ein er no sikker på at det dreier seg om eit svart hol ! Altså det som er att når ei stjerne med stor nok masse kolapsar om seg sjølv. Frå dette området kjent som Cygnus X1, kjem det enorm røntgenstråling slik det gjer frå svarte hol. Eit svart hol har navnet sitt avdi gravitasjonskreftene der er så enorme at ikkje ein gong lys slepp ut. Tvert imot bøyer lyset seg inn i spiral og forsvinn i holet. Om Jorda hadde kome nær eit slikt svart hol, ville ho blitt strekt ut som ein lang spagetti og skrudd seg i spiral innover i det svarte holet. Kva som skjer deretter, veit ingen.
Astronomane meiner at dette svarte holet som ein gong var ei stjerne, slik eg forklara nettopp, dreg til seg masse frå den større stjerna HDE 226868.
Sjå under korleis ei kunstnar tenkjer seg det tek ser ut de Cygnus X1 er.
Tenk på dette neste gong du kikar opp på denne staden i stjernebiletet Cygnus.
Det svarte holet Cygnus X1 dreg til seg materie frå den blå stjerna HDE 226868. Materien skrur seg i spiral, og vert stadig meir komprimert di lenger innover i holet han kjem grunna gravitasjonskrefter så voldsomme at me ikkje kan forestille oss dei. Alt som kjem i nærleiken av eit slikt svart hol, forsvinn inn i holet på same måten. Til og med lyset. Ingeting slepp ut att. Kva skjer så med det som forsvinn inn i denne kosmiske malstraumen……………………? Ingen veit.