Under har eg lagt i to skissar over stjernehimmelen i januar. Slik du ser han om morgonen rundt kl 6, og om kvelden rundt kl 22.

Om MORGONEN i sør kan du med litt flaks framleis sjå ein og annan meteor etter meteorsvermen Qudrantidene som var på sitt mest intense berre nokre timar den 2. januar om eg hugsar rett.
Quadrantidene har også fått navn etter stjernebiletet dei ser ut til å stråle ut ifrå. Men med dei er et litt spesielt sidan navnet på stjernebiletet,- som vart laga av de franske astronomen og forfattaren Jérôme Lalande i 1795,- ikkje lenger er i bruk.
Meteorsvermen har likevel behalde navnet.

Ikkje forvent eit bombardemang av meteorar slik du kan få inntrykk av på skissa over,- eg laga det til slik for at det skal vere lettare å sjå kvar dei “kjem frå”. Men frå til annan kjem det veil ein susande.

Me lyt elles vente til ut i april for neste meteorsverm. Han heiter Virginidene, og kjem frå omtrent same staden som du ser på skissa,- ja, kan hende det sleng ein og annan meteor frå den svermen innom oss alt no…?

Elles ser du om morgonen Mars i Virgo (Jomfruen). Han er lett synleg med sin raudaktige farge. Nokre av stjernene du ser, er omtala før på sidene mine.

Om KVELDEN i sør ser du planeten Jupiter i Gemini (Tvillingane). Månen i Taurus (Tyren). Fleire av stjernene på kveldshimmelen er også grundig omtala før.