For nokre få dagar sidan kunne me sjå ei stjerne eksplodere…………for 12 millionar år sidan. Det skjedde i gallasken M82, også kalla Sigargalaksen på grunn av forma slik me ser han frå Jorda. Galaksen er kjend for å innehalde mange stjerner som utviklar seg svært fort.
Om du brukar rundt eit sekund til Månen, vil du bruke 12 millionar år på å nå fram til M82. Så lenge har lyset frå eksplosjonen reist mot oss før det nådde fram til oss for nokre få dagar sidan.
Slike eksplosjonar har eg omtala før på sidene. Det skjer svært skjeldan, men er den mest dramatiske hendinga me kjenner til i verdsrommet. Dei vert kalla supernova- eksplosjonar. Nova er latin for “ny stjerne” fordi det jo ser ut som ei ny stjerne som lyser kraftig opp, medan det altså i verkelegheita er ei stjerne som døyr.
Det skjer berre med ustabile stjerner som utviklar seg raskt, og med masse mange gonger større en vår Sol.
Men om det var planetar innanfor ein radius av 25 lysår, ville evetuelle sivilisasjonar på dei ha blitt utradert.
Frå ein slik voldsom kosmisk eksplosjon strøymer det voldsome temperaturar og stråling med hastigheit opp til 1/10 av lyset sin hastigheit = 300 000 / 10 = 30 000 km/sek.
Av stråling er gammastråling den kraftgaste energien me kjenner. Så kraftig at riv til og med elektronane vekk frå atoma.
NASA reknar at 25 lysår avstand til ei stjerne som eksploderer er nok til at me kan hangle oss vidare. Langt attende i tid har det blitt observert supernovaer frå 150 – 450 lysår frå oss. Seinare, mykje lenger borte. Sidan Jorda framleis eksisterar, er altså i alle fall 150 lysår rimeleg trygg avstand.
Men det er berre 75 stjerner som er nermare oss en 20 lysår, og ingen av dei truar med å eksplodere.
Under har eg lagt ut ei skisse kor eg har merka av kvar denne eksplosjonen fann stad. Du kan sjå supernoaven med teleskop. Du ser ei stjerne inne i galaksen som lyser mykje sterkare en alle andre stjener der.
Du ser også eit bilete av galaksen og eit bilete britiske David Strange tok den 22. januar. Pila peikar på stjerna som eksploderte.
Sirkelen syner kvar galaksen M82 (Sigargalaksen) befinn seg. Du ser let Karlsvogna som bakparten til Store Bjørn. (Ursa Major) // El circulo muestra donde esta la galacia M82 encima de la cabeza de Ursa Major.
David Strange sitt bilete av supernova- eksplosjonen som skjedde for 12 millionar år sidan. // En esta imagen que hizo David Strange el día 22, se ve la estrella explotada donde apunta la flecha.
Galaksen M82 er ein våre nermaste nabo galaksar,- “berre” 12 millionar lysår frå oss. // M82 es entre las galaxias vecinas nuestras,- sin embargo en una distancia de 12 miliones de años lúzes.
ESPAŇOL
Hace unos pocos días que la luz de una explosión supernova finalmente llegó a la Tierra despues de viajar por 12 miliones de años. Como he mentionado antes en estas paginas, se trata de una estrella que se desarolla muy rapido y que tiene una masa muchas vézes más esa de que nuestro Sol. Estas estrellas suelen morirse en una explosión gigante, de cual gases con temperaturas inmensas y rayas gamma estaran tiradas al espacio con velocidades hasta 1/10 de la velocidad de la luz o sea 30 000 km/seg.
NASA cuenta con que una distancia de 25 años lúzes sera suficiente para escapar la destrucción de estas explosiónes cósmicos. Durante la historia sabemos que han sido explosiónes supernova en distancias desde 150 a 450 años lúzes de nosostros. Y la Tierra sigue existiendo. Menos mál que solo hay 75 estrellas más cerca de nosotros que 20 años lúzes, y ninguna de ellas piensa explotarse.
Pero si aquell día hace 12 miliones de años, había civilisaciónes en planetas más cerca que las distancias mencionadas, terminaron existir cuando explotó esa estrella.
Para entender que lejos esta la galaxia M82, piensa que si necesitas alrededor de 1 segundo para llegar a la Luna, necesitas 12 miliones de años para llegar a la galaxia M82 !