Om du såg den amerikanske filmen “Knowing” som vart sent seint laurdag kveld den 15.03, kan det hende du vart ottefull, eller enda til skræmd slik fleire i USA vart då filmen vart sent der.
Filmen som vart laga i 2009, handlar i korte trekk om så vel paranormale evner, utanomjordiske vesen samt ein voldsom CME- eksplosjon på Sola.
Solstormen frå denne CME- eksplosjonen når Jorda med eit flammehav som utslettar alt liv her,- i alle fall i USA som det vanlegvis går hardast utover i amerikanske filmar.
Kan noko slikt skje i verkelegheita ? Svaret er NEI !
Men større eller mindre CME- skyer treff oss rett som det er. Dette skriv eg ofte om i romvérmeldingane mine, som du veit. Det er jo lada partiklar frå solstormar, eller svakare utsrøymingar av solvind som lagar nordlyset.
Jorda sitt effektive magnetfelt bøyer av alle skadeleg stråling frå Sola, og den brennande plasmaen som med voldsom fart vert slengd ut i rommet frå Sola under CME- eksplosjonar kan ikkje nå oss grunna avstanden mellom Jorda og Sola.
Men som eg har skrive mange gonger før, kan lada partiklar frå kraftige solstormar nå ned til Jorda. Dei er ikkje livstruande, men kan føre til skader på elektrisk utstyr, elektroniske instalasjonar, navigasjonsutstyr osv.
Dei kan også slå ut satelittar, og jamvel utsetje astronautar fro farleg stråling sidan dei befinn seg utanfor Jorda sitt beskyttande magnetfelt.
Dette er ein av dei viktigaste grunnane til at Sola er konstant overvaka både av satelittar og jordbaserte observatorium. Ein kan nemleg forutsei om ein solstrom er kraftig nok til å skape slike problem med rundt 2 dagars varsel. Det er tida ei CME- sky / solstorm brukar for å nå Jorda om Sola sleng avgarde ein rett mot oss.
Då kan satelittar og anna utstyr stengjast av, og astronautane kan sendast “i skjul”.
Den kraftigaste solstormen me kjenner til, er den som traff Jorda i 1859. Både den, og solstormen som den 16. august 1989 slo ut kraftforsyninga til Quebeck i Cadada i fleire dagar har eg skrive om før.
På biletet under ser du ein CME- ekplosjon, samanlikna i skala med storleiken på Jorda. Men Jorda er mykje lengre borte frå Sola enn det ser ut til på biletet. Ho er “plassert” der berre for å syne storleiken på dei gigantiske solare eksplosjonane.
På det nederste biletet ser du brennande gass, plasma og stråling frå ein voldsom CME- eksplosjon verte slengd ut i rommet 02.08.2011. Biletet er teke av ein av STEREO- sondane som observerer Sola 24 timar i døgeret. Den som tok biletet du ser, er STEREO-A for AHEAD. Den er i posisjon framføre Sola medan STEREO-B for BEHIND er bak Sola i høve til oss. Skjølve Sola er dekka til med ei mørk skive.
Som du veit står CME for Coronal Mas Ejection.