STJERNEHIMMELEN I APRIL OM MORGONEN

Under ser du ei skisse av stjernehimmelen i sør vest rundt kl 6 om morgonen i april.


Nederst til høgre ser me stjerna Antares i stjernebiletet Skorpionen (Scorpius). Hugs at ei stjerne er det same som ei sol,- to navn på same objektet. Alle stjerner = soler.
Antares befinn seg 604 lysår frå oss. Altså vil de ta deg 604 år å nå fram til ho,- vel å merke dersom du kan reise med lyset sin hastigheit som vil sei at du berre brukar rundt 1 sekund til Månen ! Ho har ein diameter som er 883 gonger større en vår stjerne, Sola, og lysstyrken i det synlege lysspekteret er 10 000 x sterkare enn Sola sin.
Men reknar ein med det infraraude spekteret, lyser ho 65 000 gonger sterkare enn Sola.

“Over” og “til høgre” for Antares, er planeten Saturn. Han er sjølvsagt så nær oss at me nesten kan ta på han samanlikna med avstanden til Antares. Saturn består truleg berre av gass, er 9,4 x større enn Jorda i diameter, 764 Jorder kunne få plass inne i han,- men ville flyte om du plasserte han i eit av hava våre ! Det er nettopp fordi det er ein gassplanet. Brukar du 1 sekund til Månen, tek det deg berre frå 68 til 84 minutt å nå fram til Satirn……Kjem an på posisjonane til Jorda og Saturn når du dreg.

Du ser eg har med raud farge ringa inn eit objekt. Det er ein kjekk liten sak i form av asteroiden Vesta. Det er den nest største asteroiden i vårt solsystem. Diameteren er 530km, og nokre astronomar meiner han skulle vore klasifisert som småplanet. På sydpolen til Vesta er ein krater mest like breit som asteroiden,- 13km djupt og 460km breit.
Vesta ser du under.

“Rett over” der Vesta er, finn me stjerna Arcturus. Den har eg skrive om før. Ho er “berre” 36,7 lysår frå oss ( ca 1 sek til Månen = 36,7 år på å nå fram til Arcturus). Ho har ein radius omlag 26 x større enn Sola sin, og er for ei nabostjerne å rekne.
SJå under.

Under der Vesta befinn seg, er Mars. Denne planeten veit du nok ein del om. Mellom anna fér amerikanske robotar og køyrer rundt der ute. Med lyset si hastigheit tek det deg mellom 4 og 20 minuttar å nå fram til Mars. Alt etter kvar Jorda og Mars befinn seg i høve til ein annan.

Heilt nederst ser me stjerna Spica. Det eg no skreiv er egnetleg feil,- det er nemleg to stjerner som kretsar så tett rundt kvarandre at ein ikkje kan skilje dei i teleskop.
Den blåaktige fargen tyder høg tremperatur: Den eine 22 400 grader Kelvin / 22 127 grader Celcius, og den andre stjerna har temperatur på 18 500 K / 18 227 C.

Den største har ein radius 7,40 x Sola sin radius, og den minste 3,64 x Sola sin.
Den største roterer med 199 km/sek. Vår Sol roterer berre med 1,9 km/sek.

Den største av dei er ei av dei nermaste stjernene i høve til oss som har nok masse til å ende livet i det største dramaet me innanfor astronomien kjenner til,- i ein supernova- eksplosjon. Det betyr at når stjerna når dei siste brøkdelane av eit sekund i sitt sitt liv, eksploderer ho i ein explosjon så voldsom at me vanskeleg kan førestille oss hendinga.

Men det er av stjernestøvet frå slike supernovaeksplosjonar me vart til !

STJERNEHIMMELEN I APRIL OM KVELDEN

Slik ser stjernehimmelen ut mot vest seint på kvelden i april:

Me startar til venstre med Procyon. Ei av våre nermaste nabostjerner med sin avstand på “berre” 11,46 lysår frå oss. Overflatetemperaturen er ca 7400 grader C. Vår eiga stjerne,Sola, har overflatetemperatur på 5505 grader C. Procyon er omtrent dobbelt så stor som Sola.

Til høgre og litt over ser du stjernebiletet tvillingane (Gemini). Stjerna Pollux sin radius er 8,8 x Sola sin.Temperaturen er noko lågare: Omtrent 4380 C. Avstanden er 33,78 lysår.

Castor er like ved sida av Pollux, til høgre. Castor er ei dobbeltstjerne, d.v.s at det eigentleg er to stjerner som kretsar tett rundt kvarandre. Desse stjernene befinn seg 49,8 lysår frå oss. Den eine er 2,4 x større enn Sola, og den andre 3,3 x større. Temperaturane i overflata på dei to stjernene er rundt 10 000 C og 8600 C.

……………………………………………………………………………………………………………..

Igjen: Om du vil ha ei meiningsfull peiling på kor langt borte så og så mange lysår er, hugs at om du brukar rundt 1 sekund til Månen, vil du bruke like mange år som avastanden i lysår på å nå dit.

Eksempel: Ei stjerne befinn seg 23 lysår frå oss. Dersom du kan reise til Månen på 1 sekund, vil det ta deg 23 år å nå fram.
…………………………………………………………………………………………………………….

Under Pollux og Castor ser du planeten Jupiter. Eg har skrive om Jupiter, som er den største planeten i vårt solsystem, ein annan stad på desse sidene. Der kan du også høyre lydar frå atmosfæren hans. Det er elekromagnetiske bylgjer omdanna til høyrbar lyd for oss.

Om du vil vite avstanden til Jupiter i lysår, så er den 43 minutt.

Under Jupiter befinn det vakre stjernebiletet Orion seg. Det har eg også omtala før. Du ser det best om hausten og vinteren då det står høgare på himmelen i den årstida.

Stjerna Betelgeuse, har eg skrive mykje om. Ho er enorm,- om ho hadde vore der vår Sol er, ville ho slukt Merkur, Venus, Jorda, Mars og kan hende nådd heilt ut til Jupiter ! Avstanden er rundt 478 lysår. Betelgeuse er på veg mot sin undergang. Ho vil før eller seinare enda i ein supernova- eksplosjon, og dei siste fasane før så skjer har starta. Betelgeuse kjem altså rett og slett til å eksplodere. Kan hende ho alt har eksplodert, men sidan lyset tek rundt 478 år på å nå oss, har me enda ikkje sett det. Me ser nemlig Betelgeuse i ca år 1536 ! Lyset som når oss i dag, vart sendt ut frå ho omlag på den tida.

Noko av det mest fasinerande med kike på stjernene, er at du samstundes ser langt attende i tid.

Du ser attende i tid tilsvarande avstanden i lysår mellom Jorda og den aktuelle stjerna.

Til høgre for Betelgeuse er ei anna stjerne, Aldebaran. Avstand: 65 lysår. Radius: 44,2 x større enn Sola sin. Temperatur ca 3700 C. derfor er ho orange- aktig. Ho har brukt opp hydrogenet i kjernen, blese seg opp til enorme dimensjonar, og er også på veg mot sin undergang. Men ho er ikkje komen så langt i sluttfasane som Betelgeuse er.


Over ser du skilnaden i storleiken på Sola og Aldebaran.

Under ser du skilnaden mellom det vesle grynet heilt nede til venstre som er vår Sola, og langt større stjerner som Aldebaran. Betelgeuse og Antares. Tenk deg kor lita Jorda blir samanlikna med desse gigantstjernene om du tenkjer at 1 million jordklodar får plass inne i det velse grynet som er Sola !


Over Aldebaran ser me Capella. Dette er heller ikkje ei enkelt stjerne, men ikkje mindre enn 4 !

Det er to par stjerner som kretsar rundt kvarandre og så parvis rundt kvarandre igjen !

Desse to stjernesystema består av eit par med store stjerner omlag 10 x større enn Sola. Temperaturen deira er rundt 4700 grader C.

Det andre paret består av to små raude dvergstjerner, mykje mindre enn vår eiga sol.

Også dei to gigantstjernene i Capella har byrja starten på undergangen, men er ikkje komne på langt nær så langt som Aldebaran og Betelgeuse. Capella- stjernene er i ferd med å “blese seg opp” framleis, og vil enda auke diameteren mykje. Avstanden til dei er 42,2 lysår.

Lenger framme i tid, vert dei rade superkjemper slik som Betelgeuse, før kolapsen startar mot undergangen i den største kosmiske eksplsosjonen me kjenner: Supernova !