Korleis ville Sola høyrast ut ?

Dette har det blitt forska på med at ein har teke lysbylgjene frå Sola, og på ulike måtar omdanna dei til høyrbar lyd for oss.

Lyden er ofte beskriven som om ein stod tett innpå klokkene til ein stor katedral. Medan ein på avstand ville høyre kling klang- lyden, ville det heile flyte saman til ein pulserande lydmasse om ein stod tett innpå dei.

Klikk her for å høyre skjølv.

Kor høgt ville me høyre songen til Sola ?
Det måtte vore gass / luft i verdsrommet dersom me skulle kunne høyre Sola. Men sjølv om det er gassområder der ute, er han så fortynna og avstandane praktisk tala uendelege slik at verdsrommet er fullstendig lydlaust når det gjeld lydbylgjer.

Når du ser filmar, eller dokumentarprogram der romskip, stjerner osv eksploderer med eit drønn, er det berre tull. Du ville ikkje høyrt eit pip !

Men dersom me kunne høyre Sola, ville lyden som nådde fra til oss vore akkurat på nivået som er skadeleg for høyrsla: 125 desibel. Det er så høgt at me om dagen stort sett ikkje ville høyre anna enn støyen / songen frå Sola. (Etter som ein ser det 🙂 ) Om ein står 1 m frå ei lokomotivfløyte, utgjer lyden frå den 120 desibell. Et jetfly som tar av i en avstand på 100m lager 110 desibel lyd.

Smertegrensa startar på 120 desibel.


Om Sola brått slokna,- kva då ?

Sola kan for det fyrste ikkje brått slokna. Prosessane på Sola kan forenkla forklarast som ein vedvarande kosmisk hydrogenbomde- eksplosjon som varer uavbrutt i rundt 9 milliardar år ! Eg har tidlegare skrive kva som vil skje når Sola om ca 1,5 milliardar år går inn i dei siste fasane av livet. Etter fyrst å ha blese seg opp slik at ho ein gong vil dekkje heile himmelen sett frå Jorda, vil ho falle saman om seg sjølv. Dei ytre laga vert slengde avgårde ut i rommet med ufattelege hastigheit. Deretter kolapsar ho om seg sjølv, og vert knept saman til ei ekstremt varm, kvit dvergstjerne om lag på storleik med Jorda. I dag er ho 1 million gonger større enn Jorda. Men litt etter litt forsvinn varmen, Sola sloknar heilt og fortset i all evigheit på ferda gjennom rommet som ein kald, myrk klump på storleik med Jorda

Om stjerna som døyr har ein masse nokre 100 x større enn Sola, endar stjerna sitt liv langt meir dramatisk,- nemleg i ein gigantisk stelar eksplosjon = Supernova.

Men attende til det eg starta med. Om me tenkjer oss at Sola brått sloknar,- kva då ?

Me ville hatt lys i rundt 8 minutter, då lyset frå Sola brukar den tida på å nå oss. Temperaturen ville raskt synke til minus 18 grader C. Deretter ville han fortsetje å synke gjennom fyrste året til minus 73 grader C. Sjølve jordkloden ville jo framleis ha den glødande kjernen, og slik vil Jorda behalde sin indre varme i nokre millionar år. Overflata på hava vil fryse, og slik isolere djupare havlag. Difor tek det faktisk fleire 100 000 år før hava botnfrys. Mange millionar år seinare vil Jorda nå ein stabil temperatur på minus 240 grader C. Grunnen til at temperaturen stabiliserar seg slik, er at varme frå Jorda sin kjerne oppveg varmetapet ut i rommet ved denne temperaturen.

Det vil nok ikkje vere liv lenge oppå Jorda utan solenergi. Heile ekosystemet vil sjølvsagt bryte saman med ein gong då livet på Jorda baserer seg på lys og varme frå Sola. Me kan ikkje lenger dyrke mat.

Store tre vil likevel kunne overleve i ein del tiår då dei har saktegåande metabolisme og store sukkerlager.

Djupt nede i hava går vel livet også sin gang ei god stund utan at eg veit korleis ekosystemet her oppe på sikt innverkar på livet der nede.

På stadar som Island ville det vere lettare å overleve ei stund, sidan det der er varme kjelder som vert oppvarma av Jorda sitt indre. Kraftverka ville vel fungere så lenge det er tilgang på energi i form av vatn (som ikkje er frose), kjernekraft eller kol. Slik ville me ha lys og varme ei stund. Men frå verdsrommet ville det ikkje vore anna lys enn frå stjernene,- som er…………nettopp soler ! Men altfor langt borte til at me kan få varme frå dei.

Månen skin ikkje lenger avdi Sola har slokna og ikkje lyser på han. Me kan heller ikkje lenger sjå planetane i vårt solsystem av same grunn. Nordlyset er også borte då det ikkje lenger er solvind som er lada partiklar som strøymer mot Jorda.

Så akkurat kor lang tid me ville kunne overleve, vil avhenge litt av kvar på Jorda ein bur, tilgang på matlager samt kunstig varme og lys.

Kva som ville skje med omsyn til evne til å samarbeide for å overleve, politikk, krig, vald og anna kriminalitet er ei anna sak.

Noko av det eg her har skrive er med utgangspunkt i professor David Stevenson’s tankar. Han er professor i planetvitskap ved California Institute of Technology.