Som du kanskje har høyrt / lese, har astrofysikarar frå NASA oppdaga ein planet som har fleire likhetstrekk med jorda. Kepler-186f er berre litt større enn Jorda,- 1,1 gonger storleiken til Jorda. Han krestar rundt stjerna si som er noko mindre enn Sola og litt kaldare. Stjerna høyrer til M- klassen, som er stjernene det ser ut til å vere mest av der ute. M- klassen vert ofte kalla raude dvergstjerner. Planeten Kepler-186f er ein av fem planetar som kretsar rundt stjerna,- dei andre fire kretsar innanfor. Desse fire er i eit temperaturområde der ein reknar det er for varmt til at liv kan eksistere.

Banen til Kepler-186f held han akkurat innanfor temperatursona som gjer at det kan vere leveleg der, slik me vanlegvis tenkjer oss livsbetingelsane. Om ein står på planeten, vil ein midt på dagen sjå stjerna (altså sola til planeten) slik me ser sola vår rundt 1 time før solnedgang.
Det er med andre ord ikkje fult så lyst på Kepler-186f, og heller ikkje så varmt som på Jorda.
M- klasse stjerner er meir urolege enn G- klassen som vår Sola høyrer til. Dei slengjer ofte avgårde CME- skyer (solstormar), men denne planeten ser ut til å vere i trygg avstand for farlege solstorm- treff.
Han brukar 130 dagar på ein runde rundt sola si, og tek imot 1/3 av energien frå ho samanlikna med energien me tek i mot frå vår stjerne, Sola.

Om det er inteligent liv der som sender ut radiobylgjer, slit me med eit problem grunna dei enorme avstandane. Radiobylgjene går omlag med same hastigheit som lyset. Avstanden frå oss til planeten er rundt 500 lysår.
Det vil sei at om me får ei melding frå eventuelle bebuarar på Kepler-186f, vart ho sendt oss for ca 500 år sidan. Og svaret frå oss tek nye 500 år på å nå fram til dei. Altså tek det 1000 år frå dei sender ut t.d eit spørsmål før dei får svar ! Truleg har dei etter så lang tid gløymd ut kva dei spurte oss om !

Me kan ikkje sjå stjerna denne planeten kretsar rundt utan teleskop. Eg har laga ei skisse og merka med raud ring der dette solsystemet held til. Sjølve området er lett å sjå, sidan stjernebiletet Cygnus (Svana) er eit av dei klåraste me ser frå Noreg. Du ser det mest rett over deg i vest seint på kvelden. Området ligg like til venstre for stjerna Vega i Lyra (Lyren). Cygnus og Lyra er nabo- stjernebilete.