Sjølv om det er stadig lysare netter her opp ei nord, kan me sjå både det eine og det andre der ute frå rundt midnatt og nokre timar fram til det lysnar.

STJERNEHIMMELEN I VEST RUNDT MIDNATT

Planeten JUPITER ser du mellom Tvillingane (Gemini). Eg har skrive mykje om dei klåraste stjernene i Tvillingane, POLUX og CASTOR før. Berre å leite nedover på sida. Det same gjeld Jupiter. Stjerna (altså sola) Procyon tenkte eg me kunne kika litt nermare på denne gongen. Ho er så nerme oss, at me omtrent kan ta på ho,- i alle fall i astronomisk målstokk. Bere 11,4 lysår frå oss. ( Brukar du rundt 1 sekund til Månen, tek det deg berre 11,4 år å nå fram til ho). Kanskje ikkje så lurt å ta på ho forresten sidan overflate temperaturen er ca 6300 grader C. PROCYON ALFA er vel 2 x større en Sola, og held lag med Procyon Beta som er det som er att av ei langt større stjerne som langt attende i tid gjekk gjennom sluttfasane i ei stjerne sitt liv. Akkurat det som vil ta til med å skje i vår eiga stjerne, Sola, om ca 1,5 milliardar år. Ho vil gå gjennom sluttfasane i ytterligare rundt 3 milliardar år før det er jamt slutt. Alt dette har eg skrive om i detaljar før. Leit nedover, så finn du det.
PROCYON BETA har falle saman om seg sjølv til berre 0,012 x Sola sin radius, og er defor ei kvitglødande minisol. Temperaturen på overflata er ca 7 500 grader C.
Grunna den voldsomme komprimeringa då stjerna fall saman om seg sjølv, vil berre 1 kopp med materie frå ei slik stjerne vege 600 tonn på Joda !

Procyon består altså egentleg av 2 stjerner me ikkje kan skilje frå kvarandre med auga.
Procyon Alfa har truleg nett starta sluttprosessen. Grunen er at ho skin sterkare enn kva som er vanleg for denne type stjerner. Det kan tyde på at ho har bruka opp
hydrogenkjernen i prosessen med å fusjonere den til helium. Dermed har ho nett starta å utvide seg grunna den kompliserte prosessen som tek til etter at ei stjerne har fusjonert vekk hydrogenbehaldningen sin. Også dette har eg skrive om før. Sjå til dømes kva eg skreiv om den enorme stjerna Betelgeuse tidlegare. Procyon A vil kan hende vekse seg 80 til 150 x større enn ho no er gjennom dei neste 10 – 100 millionar åra. Igjen,- nett slik Sola vil gjere. Ho vil deretter blese vekk dei ytre laga, og fortsetje som kvit dverg i om lag like lang tid som universet har eksistert før ho kjølnar heilt og fortset i all evighet som ei svart dvergstjerne. D.v.s ein kald klump om lag så stor som Jorda er alt som er att av den ein gong strålande sola som var 1 million x større enn Jorda.

Har stjerna mykje høgare masse enn vår Sola, skjer endeliktet langt meir dramatisk.
Les kva eg skreiv om Betelgeuse.

Stjerna REGULUS i stjernebiletet Løva (Leo) får me ta kjapt denne gongen:
CA 3,5 x diameteren til Sola.
Alder: Berre nokre få 1oo millionar år. (Sola er ca 4,5 milliardar år).
Roterer rundt seg sjølv på berre 15,9 timar. (Sola brukar rundt 25 dagar på å rotere rundt seg sjølv, enda ho er berre 1/3 så stor).
Dersom Regulus hadde rotert 16% fortare ville ho rive seg sjølv sund.

STJERNEHIMMELEN I SØR RUNDT MIDNATT
Planeten MARS ser du reflektere sollyset flott for tida. Han er lett gjennkjenneleg med sit raudaktige lys.

Retning klokka 11 i høve til Mars ser du asteroiden VESTA. Den nest største asteroiden me kjenner til. Diameter 925 km.
Like til venstre for han er CERES no. (Ikkje avmerka på biletet). Han er den største asteroiden med sine 590 km i diameter.

METEORSVERMEN AQUARIDENE

Natt til i dag 6.mai og i natt fér Jorda gjennom restar som kometen Halley’s har etterlate seg. Me ser dei som meteorar…………..om det ikkje er skyer.
Under har eg laga til slik at du ser kvar meteorane “strålar” ut frå.
Sjå i sør / aust før det lysnar om morgonen = SVÆRT tidleg 🙂

Det får vere nok i denne omgang 🙂