Solvinden / Viento solar:
Hastigheit / Velocidad: 372.2 km/sek
Tettheit / Densidad: 5.7 protonar/cm3

Sjå heilt nederst for nokre forlkalingar til nye lesarar.

SOLA
Det har dukka nokre solflekker opp på venstre sida av Sola,- den største av har energi i seg til å sende av gårde CME- eksplosjonar. National Oceanic and Atmospheric Administration (NOOA) reknar med rundt 40% sjangse for middels sterke eksplosjonar, og 5% for eksplosjonar av kraftigaste klasse.

Elles er det eit digert koronalt hol på sørlege delen av Sola. Frå dette strøymer det ut solvind som kan treffe oss den 10 – 11. mai. Resultatet vert i så fall nordlys for dei som bur lageleg til.

Over ser du det enorme koronale hólet som har oppstått på Sola nyleg.
Biletet er frå SDO/AIA. // El agujero enomre coronal que recién ha aparecido en el Sol.
Imagen de
SDO/AIA.

EL SOL
Hay manchas solaresen la parte izquierda del Sol. Una de estas tiene suficiente energía por explosiónes CME de clase media og fuerte. Dentrod de un par de días estara puntada a nosotros.

National Oceanic and Atmospheric Administration (NOOA) cuenta con un riesgo de 40% por explosiónes medio fuerte, y 5% por los más fuertes..


ASTEROIDAR
Den 7. passerte enda ein luring oss veeeeeldig nerme. Han vart ikkje oppdaga på førehand. Diametern var 6m, farten vel 18 000 km/t, og avstaenden var berre 0,3 x avstanden til Månen. D.v.s 115 320 km frå oss. I astronomisk samanheng kan me då nermast ta på han 🙂
Det passerte asteroidar både i dag og i går på trygg avstand.
Dei neste (me kjenner til ….) kjem 17 mai. Hipp Hurra!
Då fér to forbi for å sjå 17. mai toga. Den eine ganske nær oss, men likevel 4 x avstanden til Månen frå oss.

Det er i pr dag 1471 asteroidar som utgjer ei potensiell kollisjonsfare for Jorda.

ASTEROIDES
El día 7 otro pequeńo nos pasó muy cerca. No fue descubierto antes de pasarnos en una distancia de solo 0.3 x la distancia media a la Luna. O sea unos 115 320 km de la Tierra. Su velocidad era sobre 18 000 km/h. Diametro: 6m

Otros nos pasaron tanto ayer como hoy, Viernes. Los dos proximos vendran el d\ia nacional de Noruega 🙂 ,- el 17 de Mayo. Seguro para ver como lo celebremos 🙂
Uno de esos nos pasaran en una distancia 4 x esa a la Luna.

Hoy día hay 1471 asteroides que muestran un peligro potensial por la Tierra.

*******************************************************************************

For nye lesarar: SOLVIND = Straum av energirike, lada partilar,- fyrst og fremst elektronar og protonar,- som strøymer ut frå Sola. Hastigheita kan nå opp i 1000 km/sek og temperaturen i denne skya når ho forlet sola kan vere 1 milion grader C.

Solvinden er ofte markant ut frå enorme områder på Sola som opnar seg,- såkalla koronale hól. Dei oppstår frå tid til annan, og ser mørke ut avdi temperaturen i slike hol er ca 2000 grader kaldare enn resten av Sola si “overflate”, som held 5005 grader C. Dessuten er tettheita av solplasma lågare i slike hól. Partiklar kan difor strøyme ut i rommet frå Sola = solvind.

CME
= Ofte oppstår det magnetiske felt på Sola grunna kompliserte fysiske reaksjonar inne i stjerna. Me ser dei som solflekker. Mørke flekkar på solskiva. Sjølv om dei kan romme fleire jordklodar, er dei langt mindre enn koronale hól som er nevnt over.
I solflekkene kan energien bli så voldsom at ufattelege eksplosjonar oppstår. Desse slengjer avgårde brennande plasma og gass, samt lada partiklar ut i verdsrommet. Temperaturen i plasmaen som vert slengd ut med opp til 1000 km/sek kan ha ein temperatur på fleire 10- tals millionar grader ! Dertil vert elektronar, protonar, og kraftig røntgenstråling akselrerte opp til nær lyset si hastigheit som er ca 300 000 km/sek.
Då snakkar me ikkje lenger om solvind, men om SOLSTORM !

CME står for Coronal Mass Ejection. Oftast tegnar slike eksplosjonar ein flammande boge over solskiva fordi sola sine enorme gravitasjonskrefter dreg massen ned att til Sola.
Men er dei kraftige nok, klarar ikkje ein gong Sola å halde på dei, og dei fér ut i verdsrommet i form av ei sky av lada partiklar og røntgenstråling. Er solflekken ein CME- eksplosjon oppstår i retta mot Jorda, treff skya oss etter eit par dagar.
Vanlegvis er resultatet flott nordlys og forstyrring av enkelte radiosamband då Jorda sitt magnetfelt effektivt tek seg av CME- skya. Difor skadar ho ikkje oss.
Men eksplosjonane kan vere så kraftige at noko av skya treff jordoverflata. Då kan kraftverk kortslutte, radiosamband kan falle bort, navigasjonsutstyr verte øydelagt og astronautar ute i rommet kan verte ustette for farleg stråling.
I ytterste konsekvens kan all elektronikk på Jorda verte slått ut !

Sidan konsekvensane i vår teknologiske tidslader vert så omfattande om ei kraftig CME- sky (solstrom) treff oss, er Sola konstant under overvaking både frå Jorda og av fleire satelittar. Også på baksida av Sola.