På denne tida av året, kan ein til tider sjå nokre vakre, mystiske, lysande skyer høgt oppe litt etter solnedgangog utover natta.
Desse skyene er 50% utanomjordiske og 50% jordiske.
Dei lyser blått eller blågrønt, og er svært vakre.
Skyene finn me for det meste under 20 000 fot / ca 7000 m. Tordenskyer kan til tider strekkje seg seg opp i mot 75 000 fot / 23 000 m. Men alle desse er skyer danna av vanndamp som tek form etter kompliserte prosessar. Ikkje utan grunn det tek mange år å bli meteorolog !
Dei lysande skyene me tek føre oss i kveld, vert truleg danna med hjelp av utanomjordisk aktivitet. Igjen er det meteorane som er på ferde. Heile døgnet kjem det meteorar inn i Jorda sin atmosfære,- me ser berre nokre få av dei som stjerneskót og eldkuler når det er myrkt.
Meteorane legg etter seg røyk, som igjen består av ørsmå partiklar. Noko av vanndampen frå Jorda når faktisk heilt opp der meteorane kjem inn i atmosfæren på grensa til verdsrommet i rundt 80 000 m. Temperaturen der oppe er frå minus 130 til minus 160 grader Celcius. Dei ørsmå frosne vassdråpane festar seg til røykpartiklane frå meteorar som har kome inn i atmosfæren, og slik oppstår tynne slørskyer av meteorrøyk og iskrystallar. Iskrystallane er berre 1/10,000 mm i diameter !
Det er også teoriar om at iskrystallane kjem frå metangass som høgt oppe ragerer med såkalla hydroxyle radicalar (OH), og dannar vassmolekylar. Partiklane dei festar seg på kan også vere ørsmå partiklar frå vulkanutbrot.
Me berre sjå desse skyene på nordlege halvkule om sommaren. Merkeleg er det berre på den tida temperaturen i dei høgaste laga av atmosfæren vert låg nok til at skyane kan oppstå. Det skjer pga verknader frå den globale sirkulasjonen i dei mitterste laga av atmosfæren.
SLIK FINN DU NOCTILUCENTE SKYER: Sjå mot vest etter at sola har gått ned, som i byrjinga av juni er ved 22:30 tida. Sola må vere minst 6 grader under horisonten.
Sjå etter eit “finmaska”, røykaktig slør høgt oppe mot vest. Dei foryrandes små isskrystallane på meteorpartiklane reflekterer sollyset som oftast i eit blått, grønt,- men av og til gul- og raudaktig lys.
Kan godt hende du kan sjå dei utover natta om dei fyrst er der.
Biletet under er frå NASA.
Lukke til !
NOCTILUCENTE SKYER MED UTANOMJORDISK OPPHAV