Lenger nede på sida skreiv eg for nokre dagar sidan om desse halvvegs utanomjordiske skyene.
Eg er ute og kikar etter dei mest kvar natt, men så langt har ikkje eg sett dei denne våren / sommaren.

Diverre er det truleg også eit skremande tilhøve som gjer at slike skyer vert til.

Den spanande delen er, som skrive tidlegare, at dei vert danna av røyken etter meteorar som kjem inn i Jorda sin atmosfære rundt 80 km over oss. Det vil sei på grensa til verdsrommet.
Foryrandes små iskrystalar festar seg til røykpartiklane, og når sola etter solnedgang er mellom 6 og 16 grader under horisonten, vert eit oftast blåaktig lys reflektert frå desse iskrystallane.

Den skremande delen av desse vakre skyene, er at danninga av dei vert kraftig fortserka grunna utstråling av metangass frå Jorda. Minst 60 % av metangassen som slepp ut i atmosfæren kjem frå menneskeleg aktivitet,- ikkje minst frå PRODUKSjON AV KJØT !
På Jorda er det fleire milliardar dyr som berre vert ala opp for kun for å produsere kjøt.
Det er ein naturleg del av fordøyingprosessen at dei gjer frå seg. Frå etterlatenskapane deira strålar det ut betydelege mengder metangass til atmosfæren.

Ja vel,- og kva så ? Jo,- metangass er ein av dei verste gassane når det gjeld oppvarming av atmosfæren som atter fører til klimaendringar !
Metangassen varmar opp atmosfæren 20 x meir enn CO 2 !
Men dette lukkar både politikarar og vanlege folk augene for ! Skremande !

Biletet er teke av Noel Blaney i Bangor Nord Irland den 6. juni.

Same dag (rettare sagt natt) tok Lance Taylor biletet under i Edmonton, AB, Canada,

Eg har vore vegetarianar i 30 år. Aldri tek eg tiskót, og ikkje kjøper eg rådyr “helsekost- mat”. Eg et heller ikkje fisk.
Tvert i mot er mykje av vegetarianerane sin mat den rimelegaste du finn i heilt vanlege matvarebutikkar. Bønner og linser er svært rimelege, og fulle av proteiner og anna snadder kroppen treng.

Blodprøvane mine har i alle desse åra vist at eg har fullt opp med alt kroppen skal ha, og minimalt av det me skal ha svært lite av.
Slutt å høyr på gamal øvetru og mytar om at me “må ha” kjøt. TULL !

Eg oppfordrar deg til å tenkje deg om før du neste gong trykkjer ei pølse i fjeset, eller i ungane dine ! Ikkje bra for helsa, og ho bidreg med å varme opp atmosfæren meir enn CO2 gjer !

Hadde alle hatt eit par kjøttfrie dagar i veka, vill det hjulpe ein del.