Utanomjordiske skyer

Endeleg fekk eg sjå noctilucente skyer også frå Sunnhordlandsregioenen etter å ha kika etter dei sidan mai månad. Rett nok såg eg slike skyer for nokre veker sidan også, men hadde ikkje kamera for handa då.
I natt derimot hadde eg i alle fall eit enkelt kamera, og tok dei to bileta du ser her.

Noctilucente skyer er eit fenomen som me ser om sommaren på den nordlege halvkula. Ironisk nok er det kaldast i dei ytterstre atmosfæriske laga når det er varmast her nede på bakkenivå.

Når eg skriv at skyene er utanomjordiske er det 50% sant. Dei vakre blåskimrande, sløraktige skyene er rett og slett røyk frå meteorar som er komne inn i atmosfærens ytterste lag rundt 83 km over oss ! Då er me heilt på grensa til verdsrommet, og i skiktet der me ser nordlys og stjerneskót (meteorar). Meteorar dundrar inn i atmosfæren vår heile døgnet, og langt dei fleste brenn opp på berre nokre sekundar. Som alt anna brennande, etterlet dei seg røyk.
Ørsmå iskrystall festar seg til røykpartiklane, og når sola er frå 6 til 16 grader under horisonten om natta, reflektere desse iskrystallane sollsyet med ei oftast blålig skjær.
Om dagen kan du ikkje sjå dei.
Som eg skreiv skjer dette ca 83 km over oss. Til samanlikning strekk skyene me er vande med, som rett og slett er vassdamp i ulike former, seg berre opp til 10- 15 km. Skjeldan høgare med unntak av ekstreme cumulunimbus- skyer i kaldfrontar. Eller tordenvér om du vil. Men dei når ikkje eingang opp i nærleiken av høgdene noctilucente skyer oppstår i.

Den skremande delen omkring dei vakre og mystiske noctilucente skyene, er at dei synes å auke i mengd truleg grunna utslepp av metangass grunn amenneskeleg aktivitet. Fyrst og framst frå etterlatenskapane til slaktedyr som kunn er til for å produsere kjøt.
Eit næringsmiddel millionar av vegetarianerar beviser at me slett ikkje treng, og at me held oss langt friskare utan !
Metangass er kan hende den verste gassen når det gjeld global oppvarming, og han varmar opp atmosfæren 20 x meir enn Co2 !

Men omtrent samtlege politikarar er for feige (og for glad i å stappe i seg flesk) til at dei torer å nevne dette. Det er kun Co2 me høyrer dei preike om.
Enda så lett det er å få drastisk ned utsleppa av denne fårlege gassen.