Hei igjen.

Ja, eg ligg kraftig etter med romvérmeldingane. Merkast når folk eg treff på, som kjenner til at eg i 50 år har vore “godt over middels” opptatt av verdsrommet 🙂 , spør om det er noko nytt. Eg har ikkje hatt tid til å halde meg oppdatert dei siste vekene.

Men her kjem meldingar tett som hagl:) :

1. SOLA: Som de veit (?) har Jorda blitt treft av 2 SOLSTORMAR dei siste 24 timane. Dei kjem frå ein CME (Coronal Mass Eyection)- eksplosjon på Sola den 10. september.
Dei har neppe gjort skade på tekniske / elektroniske instalasjonar,- men laga nordlys som kunne sjåast så langt sør som t.d Arizona.

Men Sola er for tida rikt utstyrt med solflekker som vender mot oss,- minst éin av dei har energi til ein skikkeleg smell. Som eg har skrive før vert Sola nøye observert både av observatorium og satelittar 24 timar i døgeret, så me får nok med oss om noko ekstra skulle skje. Igjen: Det er i så fall ikkje snakk om Jorda sin undergang, men CME- skyene (solstormane) kan øydeleggje satelittar, kraftverk og anna elektronisk utstyr. Det er nettop difor Sola vert nøye overvaka. Astronautane er i faresona for fårleg stråling. Skulle ein kraftig solstorm treffe oss, er det viktig at det vert set i gang tiltak slik at me unngår skader på astronautar og elektronisk / elektrisk utstyr.
Elles har eg i detalj skrive om CME- eksplosjonar om du les innlegget eg skreiv, som heiter “Kan ein brennande solstorm nå Jorda, og utslette alt liv her ?” her.
Sjå eit stykke nede på sida.

2. ASTEROIDAR har me hatt nokre nærgåande av i det siste. Neste kjem den 16., altså på tirsdag. AVstanden er 2 x middelavstanden til Månen, diameteren er 34m, og farten rundt 65 000 km/t.
(Oppdatert laurdag 13. september) Nett i dag er det 1500 asteroidar som utgjer ei potensiel fåre for Jorda. Men ingen har kurs mot oss nett no.

Langt meir burde vore gjort for å utvikle teknologi som kan endre kursen til ein asteroide om det skulle kome ein mot oss stor nok til å utgjere ei fåre lokalt eller globalt.
Men som me veit har Jordbuarane det alt for travelt med stadig å utvikle ny teknologi dei kan slå kvarandre i hel med, til at dei kan ta seg tid til å stå saman om å beskytte planeten.

ESPAŇOL
Por fin otro prognostico del tiempo cósmico.

EL SOL: Durante los últimos 24 horas la Tierra fue choqueada de 2 tormentas solares de una explocion CME del dia 10 de Septiembre.
Ninguna de ellas han sido suficiente fuerte para causar problemas por instalaciones electrónicos o electricos. Peroel aurora borealis han visto hasta Arizona al sür.

Hay bastntes manchas solares en la cara del Sol puntada hacía nosotros, y por lo menos una de ellas tiene sificiente energía para una explocion CME fuerte. Los días que vienen diran si vendra otra tormenta solar…..de las fuertes.

ASTEROIDES: Nos han visitado bastantes de esos durante el último més. El día 16, o sea el Martes, vendra otro. Ese tiene un diametro de 25m, velocidad unos 65 000 km/h y su distancia de nosotros sera 2 x la distancia hasta la Luna.

El 13 de Spetiembre el número de asteroides cuales muestran un peligro potencial por la Tierra es 1500.

Es mi opinion, como asi mismo es la opinion de varios astronomos, que debríamos hacer mucho más para inventar una forma que nos da la posibilidad de cambiar el curso de los asteroides si algun día vendra uno con curso hacía nosotros.
Pero, como sabemos todos, los terestiales estan demasiado ocupados con discubrir nuevas formas para matar “enimigos” que unirse para hacer algo juntos contra peligros del espacio.