SOLA har nokre solflekker som dreier med solskiva mot oss frå venstre.
Ein av desse solflekkane har magnetområde med ustabil og skiftande polaritet, noko som kan føre til kraftige CME-eksplosjonar.
Under ser du bilete teke av Karzaman Ahmad / Malaysia den 22. september. Jordkloden er bere inmontert på biletet slik at ein kan sjå dimensjonane på solflekkene. Det er den store som viser ustabil “åtferd”. Som du ser får Jorda omtrent plass inne i solflekken. Hugs at det er plass til om lag 1 million Jordklodar i Sola.

ASTEROIDAR er det pr i dag 1509 av som utgjer ei potensiel fåre for Jorda.
Enda ein gong lurte ein liten røvar seg inn på oss ubemerka,- og passerte svært nær oss.
Berre 0,2 x middelavstanden til Månen. Det er langt innanfor enkelt av satelittane sine banar,- og berre 76 285 km frå oss. Farten var rundt 50 000 km/t og diameteren 7 meter.
Kan vere litt skremande å tenkje på at på så kort avstand, og med den hastigheita ville me berre ha rundt 1 1/2 time til å verte varsla og å gå i dekning dersom han kom rett mot oss. Men asteroidar med så liten diameter vil truleg eksplodere når dei går inn i atmosfæren, og dermed ikkje nå heilt ned til bakken / havet.

Den neste er langt større. Den passerer oss på trygg avstand fredag. Diameteren er 1,1 km, og farten over 117 000 km / t ! Ein slik vil be absolutt ikkje ha tett innpå oss.
Avstanden frå oss vert 34,6 x avstanden til Månen. Altså langt ute slik sett.

Det underlege er at nett medan eg skriv dette, vart det oppdaga enda 2 asteroidar på veg forbi oss. Ganske nærme. Den eine lurte seg på førehand uoppdaga forbi oss i går (tirsdag 23. september) i ein avstand omtrent like langt borte frå oss som Månen. Diameteren var 10 m. Farten ca 48 000 km/t. Den andre passerer oss den 29. Diameteren er 16 m, avstanden 3,6 x avstanden til Månen og farten 42 000 km/t.

Elles er alt “roleg” der ute …..

ESPAÑOL
El SOL tiene unas manchas solares poco a poco dirigiendose hacía nosotros. Una de ellas ha mostrado inestabilidad en el campo magnético. Eso puede producir explociones CME fuertes, pero se ha tranqulisado algo desde ayer.
En la imagen arriba se ve estas manchas. La imagen esta hecho de Karzaman Ahmad / Malaysia el 22. de Septiembre.
Se ve que hay espacio para la Tierra dentro de la mancha. La Tierra esta puesto allí solo para mostrar las dimenciones de las manchas solares.

De asteroides hay bastantes estos días (Pues siempre han estado allí en el espacio).
Otro pequeño nos ha pasado sin avisarnos antes smiley. Eso era ayer, el Martes. Pasó muy cerca,- solo 76 285 km de nosotros con una velocidad de unos 50 000 km/h. Eso quiere decir que nos pasó mucho más cerca que el orbito de algunos de los satelites. Hubiera tardado no más que 1 1/2 hora a llegar con curso directamente contra nuestro planeta.
Pero como el diametro solo era 7 m, probablemente hubiera explotado al entrar la atmósfera.

El Viernes nos pasara un monstro de 1,1 km en diametro, pero muy lejos: 34,6 x la distancia a la Luna,- menos mál como su velocidad es más que 117 000 km/h ! Que se quede allí lejos.

Lo interesante es que mientras yo escribo esto, han discubierto 2 más. Uno nos ha pasado ayer, Martes, sin avisarnos antemano este tanpoco. Diametro 10 m, velocidad 48 000 km/h y distancia como la distancia a la Luna. El otro que discubrieron ahora mismo, nos pasara el 29 de Septiembre en una distancia 3,6 x la dist. hasta la Luna con una velocidad de 42 00 km/h. Diametro 16 m.

Por ahora hay 1509 asteoides cuales muestran un peligro potencial para nosotros.

Ademas todo “tranquilo” allí fuera …..