Eg har merka nokre av stjernene med tal, slik at dei er lette å finne om du kikar ut på stjernehimmelen.
Som du ser har eg også streka opp Karlsvogna.
Hugs at ei stjerne er akkurat det same som ei sol.
Om me reiser utover i rommet medan me heile tida ser på vår stjerne, Sola, vil ho verte svakare og svakare til ho ser omlag ut som alle andre stjerner.

Lysår = Døme: Ei stjene er 23 lysår frå oss. Det er lettfatteleg om du tenkjer at dersom du brukar knapt eit sekund til Månen, vil det ta deg 23 år å nå stjerna i dømet.

STJERNEHIMMELEN I OKTOBER

Runt kl 22 om kvelden ser du Arcturus (1) lågt i vest. Om du trekk ei linje til venstre og nedover frå dei to ytterste stjernene i “handtaket” til Karlsvogna (sjå den stipla linja eg har teikna), finn du lett Arcturus. Ho glitrar klårt frå gult til raudt.
Avstanden frå Jorda er 37 lysår.

Altså om du brukar omtrent 1 sekund til Månen, tek det deg likevel 37 år på å nå fram til stjerna Arcturus.

Ho er ei orange såkalla kjempestjerne, som er over halvvegs i livssyklusen. Det er slutt på hydrogenet i kjernen som ho tidlegare fusjonerte til helium slik Sola gjer. Når hydrogenet tek slutt, stoppar fusjoneringa opp til temperaturen stig til omlag 100 millionar grader. Då kan fusjonering (“omskaping”) av helium til tyngre gassar ta til. I denne prosessen utvidar stjerna seg voldsomt, medan overflatetemperaturen dett. Arcturus har ein overflatetemperatur på ca 4000 grader C,- difor er ho orange / raud.
Sola har ein temperatur på 5505 grader C, og er difor gulaktig.

Arcturus har under denne prosessen blese seg opp til ein diameter 26 x Sola sin. Og Sola igjen er 1 million x større enn Jorda ….


Stjerna Alkaid (2) på “tuppen” av Karlsvogna er 104 lysår borte.
Ho er 2,9 x større enn Sola, men strålar heile 580 x sterkare. Det betyr at om Jorda hadde gått i bane rundt Alkaid i same avstand som avstanden Jorda har til Sola, ville det vore uleveleg her grunna den høge temperaturen.
Me måtte vore like langt ute som der Neptun er,- 25 x lenger borte frå Sola enn det me er.

Mizar og Alcor (3) er kjende stjerner i Karslvogna. Alcor er den vesle tett ved sida av Mizar.
Men der vert du lurt,- du ser nemlig 6 stjerner då Alcor eigentleg er to stjerner i bane rundt kvarandre, medan Mizar er ikkje mindre enn 4 stjerner i bane rundt kvarandre. Og desse to stjernesystema kretsar rundt kvarandre igjen. Altså tilsaman 6 stjerner. Avstanden til dette stjernsystemet er omlag 82 lysår.
Stjernene er blåkvite grunna høg overflatetemperatur,- 8000 til 9000 grader.

Alcor er ei lita dvergstjerne som er mykje mindre enn Sola. Mizar er omlag 2,5 x storleiken til Sola.

Den siste Karlsvogn- stjerna eg skriv om no, er Alioth (4). Ho er 4 x større enn Sola, befinn seg 81 lysår borte og har ein overflatetemperatur på 9000 grader.

Jupiter ser du om morgonen i Aust. Han lyser med fast lys som er reflektert frå Sola, og er sjølvsagt ein planet og ikkje ei stjerne (som altså er det same som ei sol).