Meteorsvermen Orionidene
Frå og med i natt, og dei fyrste nettene farmover fér Jorda gjennom ein meteorsverm som vert kalla Orionidene. Det er restar etter dei gongene Halley’s komet har passert Jorda. Sist det skjedde var i 1986, og neste gong han stikk innom vert i 2061. Kvar gong mister han støv og små partiklar. Desse vert gåande i bane rundt Sola som alt anna i vårt solsystem gjer. Ein gong i året, frå ca 20. til 23. oktober kryssar Jorda banen til desse partiklane. Ein del av dei vert tiltrekte av Jorda, kjem inn i atmosfæren med hastigheitar med 40 000 til 260 000 km/t og me ser dei som stjerneskot.
Dersom det er klarvér, er det venta at me kan sjå rundt 25 stjerneskot i timen desse dagane.
Grunnen til at dei vert kalla Orionidene, er at dei ser ut til å kome frå stjernebiletet Orion. Men stjernene det er 100-vis av lysår borte, medan meteorane som sagt kjem inn i vår atmosfære “like over” hovuda våre,- vel i alle fall “berre” 70 000 – 90 000 km over oss. Det ser berre ut som om dei kjem frå Orion.
Stjernebiletet Orion finn du lett i sør vest tidleg om morgonen i 5 til 7 tida.
Sjå biletet under. Der har eg teikna eit raudt kryss om lag der du vil sjå meteorane kome frå. Om du ikkje er van med å finne stjernebileta, ser du i alle fall dei tre stjernene tett på kvarandre, skrått nedover som dannar Orions belte.
SOLA
Ein enorm solflekk med diameter 120 000 km rettar seg inn mot Jorda. Til samanlikning er Jorda sin diameter 12 756 km. For nokre dagar sidan var det ein kraftig eksplosjon i denne solflekken,- det var før han kom over på”vår” side av Sola. Og sidan då har han blitt mykje større. Astronomane reknar at det er 60% risiko for middels kraftig elsplosjon, og 20% for ein kraftig eksplosjon………..somme då får rett i trynet i form av ein kraftig solstorm.
Astronomen Karzaman Ahmad frå Malaysia’s Langkawi Nagtional Observatory tok biletet av solflekken dag morgon. Du ser det under.
ASTEROIDANE styrer elles på der ute som dei vil. Talet på asteroidar som representerar ei potensiel fåre for Jorda har stege til 1508.
Men ingen kjem inn i nabolaget før fredag. Kjem attende til den saka:)