Mesteparten av verdsrommet er ptraktisk talt eit einaste stort vakum = ingenting.
Varme oppstår når molekylar og atomar gnissar mot kvarandre.
Men storts sett er verdsrommet tomt,- også for konsentrert gass slik at det ikkje er noko som inneheld atomar og molekylar. Dermed ingen gnissing mellom molekyla og atoma = ingen varme vert produsert eller kan bli transportert.
Derimot er det stråling. Me Jordbuarar merkar strålinga frå sjølve generatoren som held oss i live,- nemleg Sola,- kvar einaste dag.
Rundt Jorda styrer atmosfæren med balansering av temperaturen. Han syrgjer for at det ikkje vert uleveleg varmt, og heller ikkje uleveleg kaldt.
Men reiser du utanfor Jorda sin atmosfære, vert du utsett både for voldsom varme og voldsom kulde.
Me startar med astronautane som jobbar på ISS, Den Internasjonale Romstasjonen.
Når dei jobbar på ISS frå utsida, er delen av kroppen som vender bort frå Sola utsett for ned til minus 100 kuldegrader C, eller enda kaldare. Samstundes som delen av kroppen som vender mot Sola vert stråla til 120 grader C, eller meir. Romdrakta syrgjer for å halde balansen med innebygd kjøle- og varmesystem.
Rundt Jorda er det altså betydelege varmegrader på solsida dersom strålene frå sola treff noko å bestråle. Tomrommet kan me rekne som ingenting, og strålinga frå Sola kan ikkje varme opp noko så lenge dei berre treff ingenting.:) Men “kjem noko i vegen” som eit stykke metall, stein, planet, måne astronaut osv, vert objektet straks varma opp av solstrålinga som treff. Desto nermare ei stjerne (som til dømes Sola), desto meir stråling og oppvarming.
Nokre temperaturar i nabolaget og ute i “Deep Space”.
Månen: Ei natt (og ein dag) varer der knapt 14 jorddagar. Om natta synk temperaturen til -153 grader C. Om dagen i solskinet stig han til +123 grader C.
Altså er det rundt + 123 grader på Månen når du ser han “lyse” om natta.
Står Månen i ny eller ne, er det +123 grader på delen du ser, og – 153 på delen du ikkje ser.
Mars: -153 grader C i polområda, og + 20 grader C rundt ekvator om Mars- sommaren.
Venus: Der er det eit drivhushelvete forårska av klimaoppvarming som har gått heilt amokk. +460 grader C !
Titan: Den nest største Månen i vårt solsystem, og Saturn sin største måne. Han har ein tett atmosfære som inneheld 98% nitrogen og 2% hovudsakeleg metan.
Titan har fleire hundre “vatn” og sjøar som inneheld karbonforbindelsar hundrevis gonger all olje- og gassreservoare på Jorda ! Temperaturen er -178 grader C. Om me hadde teke atmosfæren på Titan til Jorda slik at han hadde blanda seg med oksygen og Co2 atmosfæren vår, hadde truleg heile Jordatmosfæren sjølvtent og eksplodert / brunne opp då det her er mykje høgare temperatur enn på Titan.
Pluto: – 240 grader C. Hugs at desto lenger borte frå ei stjerne (her Sola), desto mindre stråling og desto kaldare vert det.
Deep Space: Det uendelege tomrommet mellom oss og andre solsystem i vår gallakse, og deretter vidare utover til andre gallaksar vert ofte kalla Deep Space. Den absolutt lågaste temperaturen er 0 grader Kelvin. Det er det same som – 273,15 grader C. Ved denne temperauren er det ikkje lenger rørsle i nokon gass eller andre stoff me kjenner til. Ute i det uendelege rommet kan det ikkje bli kaldare enn 2,75 grader K ( altså litt over 0 grader K). I Celcius vert det -270,40 grader. Grunnen til dette, er truleg bakgrunnsstråling i heile rommet frå den ufattelege varmen under Big Bang for rundt 14 milliardar år sidan då verdsrommet vart skapa.
Denne kosmonauten / astronauten er utsett for + 100 grader C (eller meir) på sida som vender mot Sola, og – 123 grader C på sida som vender frå Sola.
Som du ser, er Sola kvitare sett frå rommet, og minner om alle andre stjerner du ser om natta.
Biletet er frå sidene til eurasian-defence.ru