Det er uvanleg mange planetar å sjå på ein gong desse dagane.
Enda ein gong tek eg med at mest alt du ser på himmelen er stjerner,- altså soler. Sol og stjerne = to navn på same objektet. Sola er vår stjerne som planetane i vårt solsystem kretsar rundt.
Det er lett å sjå skilnaden på stjerner (soler) og planetar. Stjernen blinkar, medan planetane “lyser” med fast lys slik Månen gjer. Dessutan kan ein til vanleg tydeleg berre sjå 4 av planetane i vårt solsystem over ei natt.
Men i desse dagane kan ein sjå heile 6, men då lyt du truleg ha teleskop.
Sjå biletet eg har laga under:
Slik ser himmelen ut i sør vest rundt klokka 18:00. Månen finn du lett. Han er nymåne, og ser ut som ein sigd. Like til venstre for han ser du Mars. Under Månen, og litt til høgre ser du Venus. Under Venus og til høgre kan du sjå Merkur rett etter at Sola har forsvunne under horisonten. Det er omlag umogeleg å få auga på Merkur når du ser Sola, avdi han er Sola sin nermaste planet og forsvinn i sollyset. Høgt oppe på himmelen ser du Uranus som er ringa inn. Han held til inne i ringen, men er så langt borte at du truleg lyt ha teleskop for å sjå han.
Eit par timar seinare på kvelden,- rundt klokka 20,- kan du sjå Jupiter stige opp i aust.
Tidleg om morgonen ved 05:30 tida stig Saturn opp i sør aust, og fortset oppover mot sør vest til du ikkje ser han lenger grunna Sola ruindt klokka 8:30.