ASTEROIDE 2012 TT5
Det har vore ein god del skriveri og profetiar om at vår sivilisasjon vil verta utrydda (igjen) på onsdag (24. september). Eller i alle fall byrjar vår endelikt då.
Andre har lagt inn ei slingringsmon som strekkjer seg frå 22. september til 28. september.
Det skal skje, vert me fortalde, ved at ein asteroide eller meteor dundrar inn i Jorda,- d.v.s i Atlanterhavet nær Puerto Rico, og skapar ein 100 m høg tsunami og eit styrke 12 jorskjelv som vil utrydde 30 millionar menneske når han treff. Også nokre Europesike land som Spania, Holland og England vert sterkt øydelagde. Etterverknadane som støv, oske, opprør, uorden og anna styggedom,- tek så kverken på 40 millionar til.
Asteroiden som har tenkt å gjere opp med oss ein gong for alle, skal vere 2012 TT5.
No er det slik at i tabellane over asteroidar som passerer oss dei fyrste dagane, syner at den godeste 2012 TT5 passerer oss i ein avstand på over 21 x avstanden til Månen. Då har eg også trekt frå tryggleiksmargin. Avstanden frå oss vil med andre ord vere meir enn 8,33 millionar km. Farten er rundt 70 200 km/t. Diameteren er mellom 137 til 307 m, og difor er han uansett ikkje stor nok til å utslette kloden.
Altså kan me ta livet med ro denne gongen også.
E S P A Ñ O L
Otra véz hay grupos y individuales que se ven en capaz de predecir el fin de nuestra civilización. Esta véz tomara lugar el Miércoles que viene cuando un asteroide o meteoro choquea con el mar Altlantico cerca de Puerto Rico.
Pues, algunos dicen que sera entre el día 22 (mañana) y el día 28.
El resultado del choque sera un tsunami con una altura de 100m y además un terremoto del nivel 12 que estropeara los países cerca de esa región. Pero encima España, Hollanda y Inglaterra van a sufrir mucho.
Sus prognósticos dicen unos 30 milliones personas pierden su vida en el impacto, y unos 40 milliones más durante los méses siguentes debido a polvo, ceniza, revueltas y por otras circunstancias graves.
Pues, según las tablas ese asteroide llamado 2012 TT5,- va a pasar la Tierra el Miércoles en una distancia como minimo 8,33 milliones km. O si quieres,- en una distancia más que 21 x la distancia a la Luna. Velocidad 70 200km/h y su diametro es entre 137 y 307 metros. Ni siquiera suficiente grande para extinguir la civilizión.
Conclución: Podemos tomar estas “noticias” con calma esta véz también.