MÅNEFORMYRKING

Natta mellom den 27. og 28. september (natt til måndag) vert det ei storlagen måneformyrking. Mellom kl 04:11 og 05:24 norsk tid er formyrkinga total. I midten kl 04:47.
Frå Noreg ser me heile Månen formyrka fordi han kjem i skuggen av Jorda, som altså over nokre minuttar passerer mellom Månen of Sola.

I tillegg finn Månen seg no 50 000 km nermare Jorda enn ved andre fullmånar i år !
Det er berre å håpa på ei skyfri natt !

Me får då tre Måne- fenomen samstundes: Fullmåne, Supermåne (fordi han er så nær Jorda) og full Måneformyrking !

VENUS og JUPITER

Desse to planetane er vakre no om du ser mot aust frå ca kl 5 om morgonen.
Venus står øverst, Jupiter skrått til venstre under og så kikar stjerna vår, Sola, opp skrått nedanfor til venstre for han att rundt kl 06:45.