MOT AUST OM MORGONEN RUNDT KL 6:
KLIKK HER FOR STØRRE BILETE
Du ser faktisk ikkje mindre enn noko så, for så vidt skjeldant, som Merkur heilt nede ved horisonten. Grunnen til at han er så vrien å få auge på til vanleg, er at han står så nær Sola at han forsvinn i sollyset. Men no kan du sjå han like før soloppgang.
Deretter fylgjer som perler på ei snor oppover mot sør / høgre: Jupiter, Mars og Venus.
Du skil dei lett frå stjernene (ei stjerne = det same som ei sol) ved at planetane “skin” med fast lys. Stjernene “blinkar”. (Planetane skin ikkje av seg sjølve, dei reflekterer lyset frå Sola).
Heilt til venstre ser du stjerna Arcturus som skin og funklar i alle fall 110 x meir enn vår stjerne, Sola. Arcturus er ei såkalla raud kjempe. Ho har ein radius omlag 26 x større enn radiusen til Sola. Grunnen til at ho er raudaktig / orange, er at ho har starta ein av dei siste fasane på veg mot slutten av livet. Det er slutt på drivstoffet hydrogen som vår Sol i over 1 milliard år til fusjonerer til helium. Ho har teke til med neste steg som er å fusjonere helium. Dette får stjena til å vekse kolosalt, samstundes som overflatetemperaturen går ned til rundt 4000 grader C. Derav fargen. Når ho i framtida ikkje har meir drivstoff i kjernen (forenkla forklåra) bles ho av dei ytre skala i ein formidabel eksplosjon som slyngjer dei ut i verdsrommet. Den indre kjernen fortset som ei lita gloheit stjerne,- ein såkalla kvit dverg. Omlag på storleik med Jorda. (Jorda er rundt 1 million x mindre enn Sola). Men det foregår ikkje lenger nokon kjernereaksjon inne i den kvite dvergstjerna, slik som då ho var “stor sol”. Den kvite fargen kjem av den høge temperaturen etter at dei ytre skals er blesne av, og kan vere opp til 100 000 grader. Overflata på Sola har til samanlikning ein temperatur på 5505 grader. Stjerna er i dette stadiet så knept saman av voldsome gravitasjonskrefter at om du tek med deg ei teskei kvit dvergstjerne- stoff attende til Jorda, vil det vege……..5 tonn !

ARCTURUS samanlikna med SOLA. Bilete frå http://www.solarsystemquick.com

ARCTURUS. Bilete frå DSS2 / MAST / STScI / NASA.

Etter mange milliardar år som kvit dverg, sloknar den kvite dvergen og vil i all evightet segle rundt i verdsrommet som ein svart dverg,- ein kald, ufatteleg samanklemt klump på storleik med Jorda.

Men det tek si tid då det som er att av dei kvite dverstjernene som er om lag like gamle som universet, altså 13,7 milliardar år gamle, og dermed i ferd med å kjølne heilt ned,- og difor blitt svarte dvergstjerner,- held framleis etter om lag 13 milliardar år ein temperatur på nokre få 1000 grader.

VIL DU BLI RIK ? LETT !
Dra til den kvite dvergstjerna BPM 37093, også kalla Lucy. Ho er berre 50 lysår frå oss. (Det tek deg altså kun 50 år å nå dit om farkosten din kan flyge rundt Jorda 7,6 gonger på 1 sekund….). Ho er litt mindre enn Jorda. På grunn av den astronomiske kompresjonen og temperatursne er kjernen i stjerna ein diamant som veg 10 milliardar trillionar trillionar karat !! Den økonomiske framtida for deg og dine er dermed sikra !

HJELP ! OG VÅR STJERNE….SOLA,- VERT DEN OGSÅ ØYDELAGD ? SLAPP AV,- SJØLVSAGT VERT HO DET ! Om 1,5 milliardar år kokar alt liv på Jorda bort, inkludert hava og atmosfæren. Det har eg skrive om før i detalj. Leit attende under Astronomi her på bloggen. Det er også lagt ved bilete av framtida når det skjer ……

MOT SØR OM MORGONEN I OKTOBER:


KLIKK HER FOR STØRRE BILETE

Ser du mot sør tidleg om morgonen, ser du også fleire svært fasinerande stjerner.
SIRIUS nede til venstre er den nermaste stjerna til Jorda du kan sjå frå den nordlege halvkula. Avstanden er berre 8,6 lysår. (Om du greier 7,6 x rundt Jorda på eit sekund, tek det deg berre 8.6 år å nå fram til Sirius ! Pytt, pytt !). Men faktisk så er det to stjener på same staden, Sirius A og Sirius B. Og Sirius B er netopp ei slik lita kvit dvergstjerne eg skreiv om over. Sirius B slengde avgårde dei ytre skala for om lag 120 millionar år sidan, og vart til ei kvit dvergstjerne. Sirius A har ein overflatetemperatur på rundt 9 900 grader C, og difor ser du at ho lyser med kvitaktig lys. Ho er altså mest dobbel så varm som Sola, og 71% større. Sirius B har ein overflatetemperatur på 25 000 grader, men er litt mindre enn Jorda. Ho er så samanknept at 3 gram med Sirius B- stoff vil vege omlag 1 tonn på Jorda !

RIGEL lengre oppe og til høgre for Sirius, i stjernebiletet Orion, har 11 000 grader på overflata. Ho slin difor blå- kvitaktig. Ho er 70 x vidare enn Sola, og utstrålar 66 000 x meir energi enn Sola ! Dertil skin ho 40 000 x sterkare enn Sola. Men massen er faktisk berre 17 x større enn vår Sola.
Om Jorda skulle kretse rundt Rigel, og oppretthalde livet her, måtte avstanden til Rigel vore i alle fall 5 x lenger borte enn Pluto er på grunn av den voldsomme energien frå stjerna. Dertil kjem effektane av ulik stråling, så det er uvist om korleis tilhøva ville vore for liv.

Over og til venstre for Rigel også i stjernebiletet Orion, ser du superkjempestjerna Betelgeuse. (Giant Super Star). Ho har eg skrive om mange gonger. Det er vel knapt ein einaste amatør- eller profesjonel astronom som ikkje til stadigheit må kike opp mot Betelgeuse for å sjå om ho har ……….eksplodert ! Ho er ei stjerne som er heilt i slutten av livet. Drivstoffet er omtrent brukt opp. Når så skjer, kolapsar stjerna om seg sjølv. Brøkdelen av eit sekund etter at kjernen går over til jern som er siste stadiet i kolapsen (komplisert å forklare her og no), eksploderer heile stjerna i ei av dei mest dramatiske hendingane som kan skje i verdsrommet. Dette kallar me ein supernova- eksplosjon. Grunnen til at ho ikkje berre bles av skala slik Arcturus vil gjere, er at massen og dermed gravitasjonskreftene til Betelgeuse er mykje større. Massen er i alle fall 20 x større enn Sola sin masse. Ho har ein diameter omlag 1000 x diameteren til Sola. Det tyder at om ho hadde vore plassert der Sola er, ville ho slukt heile solsystemet til og med Jupiter ! På grunn av den enorme storleiken skin ho 100 000 x sterkare enn Sola ! Sjølv om den raude fargen kjem av at temperaturen på overflata er “berre” 3 200 grader C.

Avstanden til Betelgeuse er (takk og pris) 640 lysår. Faktisk så kan ho ha eksplodert, men det tek altså 640 år frå det skjer til lyset når oss. Altså om ho eksploderte i 1814, ser me det ikkje før i 1814 + 640 = år 2454 ! Når det skjer,- og det vil garantert skje,- kjem Betelgeuse til å lyse minst like sterkt som Månen i fleire månader.
Deretter kan ho ende som nøytronstjerne eller som eit svart hól.

Kjapt forklåra er ei nøytronstjerne det eine alternativet som er att etter ei massiv stjerne med masse minst 20 x Sola sin masse har eksplodert i ein supernova- ekplosjon.
Dei er enda meir samanpressa ein ei kvit dvergstjerne. Ein masse 3 x Sola sin masse kan vere pressa saman til ei stjerne med ein radius på berre frå 12 km opp til 30 km ! Dei kan ha temperatur på 1 million grader, ei tyngdekraft 200 milliardar x tyngdekrafta på Jorda. 1 teskei med stoff frå ei slik stjerne kan vege 1 milliard tonn på Jorda ! Nokre roterer med ein voldsom hastigheit. Dei vert då kalla Pulsar. Ei av dei er målt til 750 x i sekundet, og den raskaste ein til no har funne roterer med over 1000 x i sekundet. Når ei nøytronstjerne roterer slik, sender ho frå seg lysglimt under kvar rotasjon,- som ei fyrlykt.
Nøytronstjerner i form av pulsarar er altså som ekstremt hurtigblinkande fyrlykter i verdsrommet !

Det andre alternativet er eit svart hól. Då er alt som er att av stjerna eit “hól” i verdsrommet. Diameteren aukar i høve til massen av stjerna som vert til eit svart hól. Om Jorda vart til eit svart hól (umogeleg då Jorda ikkje er ei stjerne), ville hólet vore 0,017 m i diameter. Om Sola som er 1 million x Jorda i storleik hadde blitt til eit svart hól (også umogeleg då ho,- sjølv om ho er ei stjerne,- har altfor liten masse), vore 6000 m i diameter.
Eit svart hól har ei gravitasjonskraft så enorm at ikkje ein gong lys slepp unna. Alt vert trekt inn mot hólet i ein spiral. Og samspelet mellom akselrasjonen og den aukande tyngdekrafta jo nermare hólet ein kjem, er så voldsom at til dømes Jorda ville blitt strekt ut til ein lang spagetti med stadig tynnare ende nermast hólet.

Attende til supernovaen.
For å gå klar fåre, eller til og med undergang, må me vere minst 25 lysår frå ei stejrne som eksploderer i ei supernova. Altså er me trygge.
BETELGEUSE teke av Huble- teleskopet ute i rommet.
Tenk deg at om vår stjerne, Sola, er i midten vil Merkur, Venus, Jorda, Mars og Jupiter få plass inne i denne gigantiske stjerna om ein reknar frå midten og ut.

Men sjølv Betelgeuse vert lita samanlikna med den største stjerna me til no kjenner til: UY Scuti som er 1780 x radiusen til Sola ! Avstanden er 9500 lysår.
Ho skin 340 000 x sterkare enn Sola.

Tenk deg no at det går 1 million jordklodar i det vesle grynet du ser på skissa over, som altså er Sola. Me er ikkje særleg stotre i astronomisk samanheng.

PROCYON ser du til venstre for Betelgeuse. Det er ei av dei nermaste stjernene til Jorda med ein avstand på berre 11 lysår. Igjen er det tale om to stjerner, ei stor og ei lita kvit dvergstjenre like ved. Procyon er 1,7 x større enn Sola. Temperaturen er rundt 8500 grader.

Eg avslutar denne gongen med Aldebaran i Tyren oppe og til høgre for Betelgeuse.
Også Aldebaran har eg skrive om før: 44,2 x diameteren til Sola, avstand 65,3 lysår og skin 425 x sterkare enn Sola. Temperaturen er 3900 grader C.
Det er igjen tale om ei kjempestjerne på veg mot undergangen. Det er noko usikkert om ho, slik som Betlegeuse, vile eksplodere som supernova,- men det kan skje.
Då kan også ho ende som nøytronstjerne eller som eit svart hól.