Du har i det siste kan hende høyrt / lest om noko astronomane ikkje finn ut av når det gjeld ei stjerne langt der ute i evigheita ?

Dette har hendt:
Kepler- teleskopet vart plassert ut i verdsrommet i 2009.
Det er laga for å måle foryrande små endringar i lyset frå ei (eller fleire) stjerne(r). Det er jo slik at om ein planet passerer framføre ei stjerne i banen sin rundt stjerna (slik til dømes Jorda passerer framføre Sola sett frå ein stad lenger ute i rommet), vil lyset frå stjerna / sola han passerer framføre bli litt svekka.
Om same redukjson i lyset frå stjerna gjentek seg fleire gonger med nøyaktig like tidsrom imellom, er det tegn på at det er ein planet i bane rundt stjerna som er oppdaga.
Ved å måle graden av lysreduksjon, storleiken på stjerna og andre faktorar kan ein slå fast storleiken på planeten, omløpstida og til og med i nokre tilfeller gjere seg opp ei meining om korleis atmosfæren er samansett dersom han har atmosfære.

Nokre tusen planetar er på denne måten i løpet av dei siste åra bekrefta å kretse rundt stjerner der ute. Planetar som går i bane rundt andre stjerner enn vår stjerne, Sola, vert kalla exoplanetar. Dei fleste som er funne til no er enorme gassplanetar som Jupiter og Saturn,- nokre til og med mange gonger tyngre enn Jupiter.

Men det er også funne steinplanetar om lag så store som Jorda, eller litt større,- som kretsar i høveleg avstand til stjerna si for at liv skal kunne eksistere.

Kepler- teleskopet har kapasitet til heile tida å halde auge med 150 000 stjerner på denne måten.

I 2011 vart det oppdaga ei form for lysreduskjon frå ei stjerne som vert kalla KIC 846285, som skil seg heilt ut frå alt som tidlegare er observert.
I staden for at lyset vert regelmessig redusert som frå eit større objekt som ein planet, vert lyset frå denne stjerna “uryddig” redusert. Det vert redusert i ulik grad av fleire objekt samstundes. Men enda meir forunderleg er at lyset på det meste vert redusert med heile 22% !
Til samanlikning vil ein planet på storleik med Jupiter som passerer framføre ei stjerne berre redusere lyset med 1%, og ein planet med storleik som Jorda berre med 0,1%.
Jupiter er rundt 11 x større enn Jorda.

Ein har tenkt gjennom mange teoriar: Om KIC 846285 hadde vore ei ny stjerne kunne det vore mindre mystisk då større og mindre planetar, asteroidar og slikt dundrar saman i starten av danninga av eit solsystem før det heile stabiliserer seg. Slik var det også med vårt solsysten for 2-4 milliardar år sidan.
Dermed kan “eit lass” med restar frå knuste planetar kretse rundt ei stjerne.
Det er berre det at denne stjerna ikkje er ny,- og eit eventuelt solsystem (stjerne med planetar som kretsar rundt) der har for lengst stabilisert seg.

Ein annan teori er at ein eller fleire kometar har blitt øydelagde av stjerna, og no kretsar rundt som eit gigantisk lass. Men astronomane får heller ikkje dette til å stemme heilt.
Sjølv om det for tida er det nermaste ein kjem ei naturleg forklåring.

Teorien nokre held hardt på, er at det er gass i halen frå ein enorm komet som formyrkar stjerna på denne måten, eller rett og slett ei gassky som det er fleire av ute i rommet.

Men andre astronomar utelet ikkje heilt den mest eksotiske forklåringa: At det er noko konstruert som regelmessig passerer framføre stjerna. Konstruksjonen må i så fall vere gigantisk,- kan hende større enn Jorda og bestå av mange samansette delar av ulik storleik.

Stjerna befinn seg 1481 lysår frå oss. Diverre må du ha teleskop for å sjå ho då magnituden som ein kallar lysstyrken til ei stjerne sett frå Jorda for, berre er 12,7.
Jo lågare tal, jo bedre ser ein stjerna / objektet. Sola har til dømes magnitud på -26,74.

Sidan stjerna det er tale om er så langt borte, ser ein altså desse observasjonane for 1481 år sidan. Eller slik det var i år 534 her på Jorda.
Var dei då i ferd med å byggje noko av gigantiske dimensjonar langt der ute, eller er det restane av noko som vart øydelagt ? Eller var det ferdigkonstruert og operativt ?

I Januar skal enorme antennar rettast mot staden foir å sjå om ein får inn signal som kan vere noko anna enn “vanleg romlyd”. I så fall skal enda kraftigare reidskapar takast i bruk,- for å sjå om det for 1481 år sidan vart sent ut radiosignal eller liknande frå langt der ute i evigheita.

Under finn du bilete (og linkar til betre versjonar) der eg har laga eit utsnitt av verdsrommet der denne stjerna befinn seg.
Området ser du svært lett. Det store stjernebiletet Cygnus / Svanen og det noko mindre Lyra / Lyren er mest rett over hovudet på deg om kvelden og natta då dei er synlege. Men også om dagen. Sjå litegrann meir mot vest enn rett over deg om kvelden. Du ser tydeleg stjernene Deneb i Svanen og Vega i Lyren. Sikt deg inn etter dei, så ser du mot den mystiske stjerna. Kan hende du ser nokon som vinka til deg langt der ute i frå for 1481 år sidan ….?


Over ser du lett Deneb og Vega. Betre bilete her !

Her ser du området på nermare hald. Stjerna KIC 846285, med det mystiske objektet kretsande rundt, befinn seg eit lite stykkje rett sør for / nedanfor stjerna “o1 Cyg”: Omicron 1 Cygni (Som egentlig er 3 vakre stjerner; orange, kvit og blå 🙂 Men du lyt ha teleskop for å skille dei).

Altså nedanfor “o1 Cyg” og ovanfor, og litegrann til høgre for stjernehopen NGC 6866.
Den ser du heller ikkje utan teleskop.

For større bilete, klikk her !