FLARES / BLUSS
Eg forklarer dette litt nermare: I stjernene (ei sol = ei stjerne) er det ein kamp mellom to krefter, fusjon og gravitasjon. Desse opprettheld stjerna. Gravitasjonskreftene ville gjort at stjerna kolapsar om seg sjølv, om ikkje fusjonskreftene hadde pressa laga i stjerna utover.
Fusjon = kjerneraksjon. Forenkla kan ein sei at kjernar med positiv ladning vert sent mot kvarandre med voldsom kraft. Dei vil fråstøyte kvarandre slik like polar med same lading ( f. eks. + mot +) i magnetar fråstøyter kvarandre. Under denne prosessen vert det frigjort energi som stråling: Varme, lys og ei rekkje andre former for stråling.
I ein slik fusjonsprosess på Sola slår hydrogenkjernar seg saman til heliumkjernar.
Ikkje mindre enn 600 millionar tonn hydrogen vert fusjonert til 596 millionar tonn helium kvart einaste sekund. Forskjellen på 4 millionar tonn utgjer alle typar stråling frå Sola som vert frigjort i prosessen.

Om verdsrommet kunne transportere lyd, ville me på Jorda høyrt eit spetakkel tilsvarande støyen om me står 100 m frå eit jetfly under avgang. Sjølv om Sola befinn seg 150 millionar km frå oss !

Nokre gonger greier plasma frå det indre i Sola å trengje gjennom dei øvre laga på grunn av magnetiske endringar i området. Som ein solar vulkan.
Brennande plasma vert slengd ut i verdsrommet med nokre tusen til nokre millionar km / t, før tyngdekreftene frå Sola dreg materien ned at. Slik ser me enorme bógar på Soloverflata. Sjå biletet under. Jorda, som er insett for å samanlikna dimensjonane til eit slikt utbrót, vert veldig lita.

Slike flares / bluss- utbrot kan frigjere energi tilsvarande 10 millionar x ein vulkansk eksplosjon på Jorda. Samstundes vert mange typar stråling sent ut i rommet. Denne strålinga kan dra avgarde med opp mot lyset si hastigheit, 300 000 km/sek, og nå Jorda etter få minuttar.

CME- EKSPLOSJON
Nokre gonger oppstår det regelrette eksplosjonar i solflekkar, som er områder som heile tida oppstår på Sola grunna magnetiske reaksjonar. Temperaturen går ned med rundt 2000 grader i desse områda, og dei ser difor betydeleg mørkare ut enn resten av gassoverflata.
Slike eksplosjonar har ulik styrke, men kan vere så kraftige,- og bli slengd avgårde med mange millionar km / t,- at sjølv dei voldsomme tyngdekreftene til Sola ikkje klarer å dra brennande plassma og lada partiklar attende til Sola.
Det er dette eg meiner når eg skriv CME- eksplosjon = Coronal Mass Ejection.

I staden frigjer ei sky av lada partiklar seg frå Sola, og fér gjennom rommet. Skjer ein slik CME- eksplosjon ein stad på solskiva som vender mot Jorda, får me ho meir eller mindre rett i trynet. Det er dette som vert kalla solstorm.
Vanlegvis skjer det ikkje noko meir enn at magnetfelta rundt polane på Jorda tek seg av dei lada partiklane, noko me kan sjå som uvanleg flott nordlys.

Men er eksoplosjonen særs kraftig, kan den lada skya / solstormen kortslutte satelittar (GPS, annan navigasjon, overvaking, osv) og vere fårlege for astronautar ute i rommet grunna stråling. Dei kan jamvel kortslutte kraftverk på Jorda og øydeleggje elektronisk utstyr i alle former. Dertil fell radiosamband bort.

Det seier seg sjølv at i vår teknologi- tufta verd, kan heile samfunn stoppe opp om me skulle bli trufne av ein kraftig solstorm.
I Canada skjedde akkurat dette måndag den 13 mars 1989. 6 millionar personar vart myrklagde og utan straum i 9 timar.
Ein meiner at det i verste fall kan ta heile 10 år å rette opp att skadene om solstormen som treff oss er av dei kraftigaste.

MEN,- brennande gass og plasma kan IKKJE nå oss slik katastrofefilmen “Knowing” syner. Brennande materie når ikkje ein gong fram til Merkur som er planeten som kretsar nermast sola.

For å kunne varsle solstormar, vert Sola overvaka 24 timar i døgeret både frå satelittar i rommet, og frå solobservatoria på Jorda. Det tek nemleg vanlegvis 2 til 4 dagar før solstormen treff oss, om han har retning mot oss. Det er nok tid til å slå av elektronisk utstyr og satelittar, “parkere” ISS (Den Internasjonale Romstasjonen) i skuggesida til Jorda og utføre andre tiltak for å redusere skadane mest mogeleg.

HER ser du ein ny dokumentar på omlag 1 time som syner kva som vil skje om ein kraftig solstorm treff oss. Du ser også om overvakinga av Sola, lysbógane eg har skrive om, CME- eksplosjonar og mykje meir.