SOLA tek det stort sett med ro for tida. Men det er interessant å betrakte eit bilete som er teke av Karzaman Ahmad frå Langkawi National Observatory i Malaysia.
Så kan me samanlikna det med eit anna bilete frå SDO/HMI.(Solar Dynamics Observatory,- eit lite romfarty frå NASA som er eit av fleire som observerer Sola 24 timar i døgeret).
Biletet like under her er frå SDO. Det nedanfor frå Karzaman Ahmad.
På biletet øverst ser du blandt andre ein solflekk med “navnet” AR2480.
Same solflekken ser du att på biletet like over her, som den største der.
Så kjem me til slikt som får ein til å føle seg veldig liten i det uendelege universet:
I solflekken du ser er det plass til 2 jordklodar ved sida av kvarandre !
Sola er omlag 1 million x større enn Jorda. Men også stjerna vår vert nermast usynleg samanlikna med dei største stjernene me kjenner til så langt. Til eksempel er Eta Carina som befinn seg 7500 lysår frå oss (Kan du flyge rund jorda nær 8 x i sekundet , tek det deg berre 7500 år å nå fram til ho….)
Eta Carina er 250 x større enn Sola, og skin 1 million x sterkare !
Men det mest dramatiske med denne stjerna er at ho snart kjem til å eksplodere i ein gigantisk Supernova eksplosjon. Eg tykkjer difor det er veldig greit at me befinn oss 7500 lysår frå ho…. “Snart eksplodere” i astronomisk terminologi betyr i denne samanheng i løpet av nokre få hundre tusen år. Altså når som helst,- astronomisk sett. Faktisk så kan ho alt ha eksplodert, om ein har bomma litt på utrekningane,- men lyset frå eksplosjonen skal reise 7500 år før me ser han.
Slik at me i alle fall ikkje ser den gigantiske astronomiske eksplosjonen før 7500 år etter han skjedde.
Under er to bilete av Eta Carina frå Chandra / Harward.
Eta Carina skin blått på grunn av den ekstreme temperaturen på overflata: 40 000 grader C. Til samanlikning er overflatetemperaturen på Sola 5 505 grader C.
Men det er ei enda mykje større stjerne me kjenner til. 9500 lysår ute i det svarte rommet befinn ei raud superkjempe seg: UY Scuti. Ho har ein radius som er 1708 x Sola sin radius. Om ho hadde vore der vår Sola er, ville ho slukt alle planetane kan hende til og med Saturn. Altså ville det frå sentrum inne i denne enorme stjerna og ut til overflata vore plass til Merkur, Venus, Jorda, Mars, Jupiter og Saturn ! Temperaturen er berre ca 3500 grader C,- difor raudfargen. Ho skin likevel svært kraftig.
Under ser du eit bilete som samanliknar UY Scuti med Sola, samt eit anna bilete som viser stjerna.
Biletet er frå Rutherford Observatory, og viser hypergiganten UY Scuti 9500 lysår borte.
ASTEROIDAR
Eg lyt ta med litt om asteroidane også. Det er no 1651 asteroidar som utgjer ei potensiel fåre for Jorda. Men ingen er på veg mot oss. Ein del paserer oss framover på trygg avstand. Den 15. januar fér ein forbi nokre gonger avstanden til Månen.