Kvart år i august månad passerar Jorda gjennom restar kometen Swift-Tuttle legg att etter seg kvar gong han passerer Sola. Det skjer kvart 133. år, og sist skjedde det i 1992.
Når Jorda susar gjennom dette beltet av kometstøv og partiklar, kjem ein god del av dei inn i atmosfæren.
Dei kjem typisk inn i atmosfæren med ein fart i overkant av 20 km/sek = 72 000 km/t.
Men farten kan være frå ca 40 000 km/t til 260 000 km/t.
I friksjonen mellom jordatmosfæren og meteroen, vert meteoroverflata varma opp til omlag 1700 grader C.
Den lysande halen, er typisk mellom 20 og 30 km lang, men berre rundt 1m i diameter.
Meteorsvermen me passerer gjennom i desse dagar, vert kalla Perseidene sidan meteorane ser ut til å kome frå stjernebiletet Perseus. Dei har likevel ingen ting med stjernene i Perseus å gjere, då den nermaste stjerna der er omlag 90 lysår borte. Egentleg eit system av tre stjerner som kretsar rundt kvarandre.
(90 lysår = om du kan reise rundt Jorda nær 8gonger på eit sekund, eller bruke rundt 1 sekund til Månen, tek det deg “berre” 90 år å nå fram til desse stjernene).
Meteorsvermen derimot, lyser opp berre 80 til 100 km over oss dei sekundane det tek før heile meteroen fordampar.
Kvar kan du sjå meteorsvermen ?
Sjå mot aust omlag midt oppe på himmelen rundt kl 22 om kvelden, eller mot sør i 3-4 tida om morgonen.
For bilete om kvar du skal sjå, klikk her !
Det er lett å gå i surr om meteoride, meteor og meteroitt. Og om asteroide og komet.
Her kjem ei oppklaring:
Meteoride = objektet susar rundt i verdsrommet usynleg for oss, sidan han enno ikkje er komen inn i atmosfæren.
Meteor = objektet er komen inn i atmosfæren og lyser opp.
Meteoritt = det som eventuelt er att av objektet, og fell ned på Jorda.
Asteroide = Objekt av stein, mineral eller blanding av desse med diameter frå nokre få meter til fleire kilometer. Dei kan vere restar frå klodar som har kollidert langt attende ei tid under danninga av solsystemet, eller “klumpar” som alldri slo seg saman og vart til klodar eller månar.
Det er millionar av dei, og dei går stort sett samla i bane rundt stjerna vår, Sola, slik klodane gjer. Men som eit belte i stadan for eit og eit objekt.
No og då vert banen deira forstyrra av kollisjonar med andre asteroidar, påverka av tyngdekrafta frå fjerne passerande stjerner eller av planetar i vårt solsystem, særleg av Jupiter.
Då kan dei endre kurs og kome mot til dømes Jorda.
KOMET = Objekt av stein, mineral eller is, eller ei blanding av desse. Storleiken vanlegvis frå rundt 1 km i diameter opp i mot 2 km. Komethalen som oppstår når kometen nermar seg Sola og solvinden samt varmen fører til tap av masse, kan bli 1 million km lang.
Kometane går ein og ein i bane rundt sola for seg sjølv,- og kan ha omløpstid rundt Sola frå nokre år til fleire hundre, fleire tusen eller fleire millionar år.
Langt ute i vår solsystmet finn vi Keuperbeltet som består av millionar av kometar. På same måte som asteroidar kan verte forstyrra, kan også kometar endre kurs og eventuelt kome mot Jorda.
Solsystemet vårt er truleg pakka inn i ei kule av milliardar av kometar som for det meste består av is. Denne kula som omsluttar heile solsystemet vårt, heiter Oort- skya.
Ho befinn seg 0,8 til 3,2 lysår frå Sola, og markerer grensa for vårt solsystem slik theplanets.org tenkjer det seg under her.