Det er ei stund sidan eg har skrive noko her. Travelt. Men her kjem ei oppdatering.
SOLA
Ein del solflekker vender mot oss på framsida, men dei er tilsynelatande ikkje ustabile og finn truleg ikkje på noko tull som å slenge mot oss ein solstorm.
METEORSVERMEN PERSEIDENE susar me gjennom i desse dagar. Du kan lese meir on han under her.
ASTEROIDAR som utgjer ei potensiel fåre for Jorda, og i verste fall vår framtidige eksistens, har auka ein del, og er no opp ei 1722.
Men ingen av dei har for tida kurs mot steinen me bur på.
Det er heller ingen nærgåande asteroide å sjå i nermaste framtid.
Som vanleg med unnatak av dei små som av og til lurer seg forbi observasjonsmaskane, for så å sneie jordatmosfæren og bli opddaga etter passering….
Eller som skræmer vite av oss ved å dundre inn i atmosfæren vår, og så eksplodere i luftrommet like over oss som meteoritten over Chelyabinsk i Russland den 15. februar 2013.