Som eg skreiv i går, kunne den raskt veksande solflekken på Sola eksplodere.
Og som sikkert mange har høyrt i nyhendingsendingane i dag, smalt det.
Vel,- “smalt” er vel ikkje heilt rett uttrykt, sidan det er mest berre vakum i verdsrommet og ingen gassar som kan transportere lydbylgjer.
I alle fall er no ein solstorm på veg mot oss. Siste prognosane er at han treff oss onsdag
kveld.
Solstorm vil kort fortalt sei ei diger sky av lada partiklar som rasar gjennom verdsrommet mot oss, sidan solflekken peika mot oss då eksplosjonen skjedde.
Farten på stormen har eg kalkulert til rundt 32 000 km/t.
I kortare perioder kan han nå kategori G3 som betyr kraftig solstorm.
Fylgjene vert truleg forstyrelsar i lågfrekvent radionavigasjon og satellit- navigasjonsssystem.
Radiokommunikasjon i HF området kan bli forstyrra, og enkelte alarmsystem kan verta utløyste.
Satelittar i låg bane rundt Jorda kan verta bremsa ein del, og kan hende må justering til.
På den positive sida er det gode sjangsar for flott nordlys, om véret vert slik at me kan sjå det. Det oppstår når dei lada partiklane i solstormen tørnar saman med Jorda sitt magnetfelt.
Klikk HER for å sjå video av eksplosjonen teke frå solobservasjons- romfartyet “The Solar and Heliospheric Observatory”, som er eit lite romfarty drive med samarbeid mellom den europeiske romfartsorganisasjonen ESA og amerikanske NASA.
I videoen er sola dekka til slik at ein ikkje vert blenda av koronaen, det skarpe lyset rundt sola.
Under ser du bilete av romfartyet. Det vart sent ut i rommet i 1995.