Det går tregt med oppdateringa mi på denne sida, men her kjem ei.

SOLA

På stjerna vår,- altså Sola,- er det “roleg” for tida. Om ein kan kalla ein “stad” der rundt 600 millionar tonn hydrogen vert omdanna til 596 millionar tonn helium kvart sekund for å vere «roleg»….

Rett nok er det eit digert såkalla koronalt hól der, kvar frå det strøymer ut solvind i form av lada partiklar i store mengder. Grunnen til at slike hól oppstår, er kort fortald at det er endringar i dei magnetiske felta på Sola. I staden for å returnere til Sola, strekk dei magnetiske felta seg ut i verdsrommet, opnar opp ofte eit område mange hundre eller tusen gonger større enn Jorda og varme gassar og lada partiklar strøymer fritt ut i rommet med ein fart av 25 000 til 50 000 km i timen.

(Noko av det snøggaste som nokon gong er målt når det gjeld vind frå Sola, er under ein solstorm for nokre år sidan då farten var 10 til 16 millionar km / timen !

Om solstormar har eg skrive mykje før; solstorm og CME eksplosjonar).

Bileta over er tekne 3. desember.Det øverste syner ingen solflekker på solsida som vender mot oss for tida. Biletet under syner dei digre koronale hóla.
Frå SDO/AIA.

Desse «hóla» verkar svarte fordi temperaturen der er mykje lågare enn i området rundt. Overflatetemperaturen på Sola er 5505 grader C. I koronale hól er temperaturen typisk rundt 3-4000 grader C. Difor verkar dei myrke /svarte.

I alle høve gjer slik solvind at nordlysaktiviteten rund Jorda sine polar aukar, om retningen på solvinden er slik at han treff oss.

ASTEROIDAR

Nå ja, antalet asteroidar som utgjer ei mogeleg kollisjonsfåre for Jorda aukar heile tida, og er no oppe i 1869.

Det er rekna på kor stor fåre det er for at me skal verta råka av ein asteroide eller komet med diameter på rundt 2 km. Ein har komet fram til at mogelegheita er 1 av 10 000 for at det kan skje dei neste 100 åra.

Ein slik kollisjon vil vere kraftig nok til å utslette store delar av livet på planeten vår, men ikkje kraftig nok til global utsletting av alt liv.

KOMET: Objekt som har ein lang bane rundt Sola. Det går mange tiår, hundrevis, tusenvis eller millionvis av år mellom kvar gong han passerer oss.

Består av stein, mineral og is. For kvar gong dei passerer Sola, misser dei substans og slik oppstår halen. Eigentleg to halar; éin oppstår då varmen frå Sola smeltar isen i kometen, slik at den vert til gass. Fargen på denne halen er blåaktig og peikar vekk frå Sola avdi solvinden «bles» gassen bort frå Sola.

Fargen på denne gassen hjelper til med å fastslå kva gass(ar) det er tale om, i tillegg til smelta is. Ein grønaktig farge kan til dømes peike mot giftige gassar.

Men det er ikkje berre is som vert blest av kometen når han nærmar seg Sola, også støv samt stein- og mineral partiklar. Desse vert ikkje i så stor grad påverka av solvinden, og peikar som oftast i motsett lei av ferda til kometen,- altså bakover. Fargen er ofte raudaktig eller gulaktig grunna refleks frå Sollyset.

ASTEROIDE: Eit objekt frå nokre få meter til fleire km i diameter. Dei går i bane rundt Sola nett slik planetane gjer. Ofte samla i eit belte med 10- tusenvis eller meir av slike steinar. Det største asteroidebeltet ligg mellom Mars og Jupiter.

Ingen av dei som utgjer ei mogeleg fåre for Jorda har kurs mot oss no. Ein fårleg situasjon kan oppstå om banen deira vert uroa grunna kollisjon med andre asteroidar, eller om dei passerer så nær andre planetar i vår solsystem at tyngdekrafta frå dei endrar banen til asteroiden. I sær gjeld dette om dei passerer gigantplanetane Jupiter og Saturn. Det kjem litt an på kva asteroidebelte asteroiden tilhøyrer, eller om han har «slite seg laus».

Eg har skrive om fylgjene av ein slik kollisjon i detaljar for nokre år sidan. Du finn det om du leitar bakover her på sida.

FRAMAND GJEST AV UKJENT OPPHAV STAKK INNOM

Du har truleg høyrt om den lange, sigarforma «tingen» som nyleg vart oppdaga og som har vekt mange spekulasjonar.

«Tingen» har fått navnet «Oumuamua» med opphav frå Hawaii sidan han vart oppdaga av PanSTARRS sitt teleskop / avdeling der.

Biletet over er laga av kunstnar tufta på informasjon henta inn om Oumuamua. Men ingen observerte objektet nær nok til å ta verkelege bilete.

«Oumuamua», oversett frå målføret dei nyttar på Hawaii til god gamaldags nynorsk vert noko slikt som «Den fyrste bodbringaren frå langt borte i frå».

PanSTARRS = Panoramic Survey Telescope and Rapid Response System.

Dette er eit system som kjapt skal oppdage objekt i rommet, særleg med tanke på asteroidar som måtte «finne på» at dei skal sikte seg inn mot oss jordbuarar.

(Ikkje at me kan gjere så mykje frå eller til om éin kjem mot oss,- til det er me altfor opptekne med å lage nye vidundervåpen som me kan gjere ende på kvarandre med. I staden for at nasjonane går saman om å beskytte planeten vår mot asteroide- eller kometkollisjon).

Meir vitenskapeleg heiter objektet no I / 2017 1U, etter fyrst å ha blitt registrert som C / 2017 1U og deretter A / 2017 1U. Kvifor ? Avdi ein fyrst trudde det var ein komet (engelsk: Comet) , og difor C’en i C / 2017 1U». Deretter trudde ein det var ein asteroide (altså A framføre skråstreken), før ein slo fast at dette er fyrste gong eit objekt kan slåast fast ikkje å kome frå vårt solsystem på grunn av banen.

Det er fyrste gong ein har kunna ta i bruk «I» for «Interstelar» i registreringa.

  •  

Banen er heilt uvanleg i høve til slikt som me oftast ser der ute; sjølv om ikkje noko er opp eller ned i universet, vert det slik at om me ser solsystemet vårt slik me pleier sjå det framstilt, kom Oumuamua i eit bratt stup rett nedi solsystemet vårt med nær 53 000 km/t, gjorde ein U- sving (nærmare ein V- sving) rundt Sola og «flaug» beinvegs bratt oppover og ut i det svarte tomrommet att. Ikkje så veldig langt frå Jorda, men vart fyrst oppdaga på veg ut att. Skal fortelje astronomane rundt om fekk fart på seg for å hauste inn mest mogeleg om gjesten før han fór for langt vekk.

KLIKK HER for å sjå banen til objektet gjennom vårt solsystem

Gjennomsnitthastigheita gjennom rommet er sagt å vere vel 16 000 km/t. Men han auka då han nærma seg Sola.

Sjølvsagt var folk som støtt forklarar alt vitskapen ikkje kan gjere nøye greie for (samt ein god del av det vitskapen kan gjere greie for…) kjapt på plass og meddelte oss at dette (igjen…) var besøk av utanomjordiske skapningar.

Sidan ingen var på plassen for å sjå kan me jo ikkje sei dei imot, og heller ikkje kan dei med kjappe forklåringar bekrefte at det er eit utanomjordisk romskip.

Det me kan sei er:

Objektet er omlag 400 meter langt og rundt 40 m breit.

Raudaktig (som ofte asteroidar er).

Farten gjennom rommet før “innflyginga” til vårt solsystem: 94 788 km/t. Like før han passerte Sola på det nermaste, og utførte ein krapp sving “nordover” var farten oppe i 315,800 km/h. Truleg grunna trekk frå gravitasjonskrafta til Sola. Astronomane meiner Oumuamua etter kvart som avstanden til vår stjerne (Sola) og planetane her aukar, vil retardere til farten objektet hadde før det kom inn i vårt solsystem, altså 94 788 km/t.

*** LAGT TIL 27.04.2020: Men i januar 2018 oppdaga ein overraskande nok at farten auka, og 1. juni 2018 var han komen opp i 114 000 km/t. Ei mogeleg forklaring er at gassar eller delar av objektet slapp ut, og slik førte til auka “skubb” framover og litt dreiing av banen. Ein har likevel ikkje funne spor etter slike gassar, eller andre restar i banen bak. Framleis har ein ingen reell forklaring på denne akselerasjonen. ***

Truleg består det av metal- og steinartar.

Gjev ikkje frå seg gassar eller støv slik ein komet gjer når han passerer Sola.

Og med tanke på at det er «folk» ombord, kan eg ta med desse punkta:

Det kom ikkje noko slag form frå signal eller anna stråling frå objektet på nokon frekvens

Farten og kursen er stabil og fylgjer måten ein asteroide eller anna naturleg objekt ville oppføre seg, sjølv om banen til Oumuamua er heilt ansleis. (Om det er utanomjordiske på tur, kan det vel henda at dei ville svinge litt på rattet og stanse, eller i alle fall for eit bel redusere farten til alminneleg god snekkefart for å kike nærmare på til dømes oss..?)

Konklusjonen er at det er eit asteroideliknande objekt frå eit anna solsystem enn vårt.

I byrjinga kunne det tyde på at kursen er slik at han kjem frå området nær stjerna Vega i stjernebiletet Lyren. I så fall ville han med si hastigheit ha brukt 300 000 år på ferda til oss. Berre det at for 300 000 år sidan var ikkje Vega der objektet då var. Altså kjem han neppe derifrå.

Ein reknar med at det fér frå 1 til 10 slike interstellare objekt (objekt frå utanfor vårt solsystem) gjentnom vårt solsystem kvart år. Men på grunn av farten og avstanden til dei, er dei til no ikkje blitt oppdaga. Men med PanSTARRS- systemet, og elles stadig bere teknologi vil antalet slike observasjonar auke framover. Og det er veldig spanande, anten dei er av naturleg opphav eller snikra saman av nokon der ute.