SOLA
Berre éin solflekk å sjå. Ingen fare for større eksplosjonar med påfylgjande solstorm.
ASTEROIDAR
For tida 1869 asteroidar som kan kollidere med Jorda, om banen deira vert uroa.
12 stk. passerar oss frå og med i dag og ut månaden. Ingen av dei passerar svært nær oss. Frå 11 til 257 m i diameter.
Farten frå 21 600 km/t til 62 640 km/t.
MEN; sjå under !
METEORSVERM forårsaka av steinkometen 3200 PHAETHON som også passerer oss i desember.
Forklåring lyt til:
3200 PHAETHON
Ein diger stein-(komet) utan hale med diameter 5km (!) nermar seg oss, og passerer Jorda på det nærmaste 17. desember med rundt 72 000 km / timen i ein avstand på 10,3 millionar km. Det vil sei ca 27 gonger avstanden mellom Jorda og Månen. Ingen fåre for oss denne gongen heller, men i astronomisk samanheng er dette likevel ganske nær Jorda.
NB ! Dette er ein av asteroidane/kometane som utger ei mogeleg fåre for Jorda.
Steinkometen er eit uvanleg objekt halvt rekna som komet og halvt som asteroide.
Ein komet er vanlegvis ein kjerne av isformer, metall og stein. Dei går i vide banar rundt Sola, og passerer éin gong i løpet av 10- år, 100- år eller millionar av år.
Asteroidane går i bane rundt Sola nett slik planetane gjer,- og ikkje i slike vide banar som kometane gjer. Asteroidane består ofte av stein og kan hende mineralar.
3200 PHAETHON har mykje stein og metall i seg, ingen hale enda og fér rundt Sola (og passerer Jorda) éin gong kvart 1 ½ år.
Han kjem til å passere svært nær Sola, mindre enn halvparten av avstanden mellom Sola og Sola sin nærmaste planet Merkur. Han vert då så varm at bly i kjernen eventuelt smeltar og renn som vatn over kometen si overflate.
Det kan også skje at han får hale grunna fragmentar han misser under passeringa av Sola.
Denne passeringa av 3200 PHAETON er den nærmaste til Jorda før 2093 av denne litt merkelege kometen.
I eit mindre teleskop kan han lett sjåast I desse dagar, og fér forbi os spå det nermaste
Så er det slik at nett denne kometen lagar den flotte stjerneskótsvermen Geminidene. Dei kan me sjå på det mest intense natta til 13. og 14. desember. Men også i vekene før og etter. Grunnen er at 3200 PHAETHON kvar gong han passerer Sola slepper frå seg fragmentar (små bitar), som ogå vert gåande i bane rundt Sola. Kvart år på same tid, fér Jorda gjennom denne skya av kometbitar og eit stort antal av dei vert dregne inn mot Jorda. Når dei kjem inn i øvre laget av Jorda sin atmosfære, ser me dei som stjerneskót og eldkuler.
Er me heldige med véret, kan me sjå opptil 120 i timen i natt og i morgon natt. Altså 13. og 14. desember.
Astronomy Club of the Sing Yin Secondary School in Hong Kong har filma kometen.
KLIKK HER for å sjå videoen deira.
Sjå heilt nedst for kvar du skal sjå etter meterosvermen Geminidene.
PRESSEKONFERANSE FRÅ NASA TORSDAG 14. DESEMBER
Så langt eg kjenner til, skal dei orientere om sensasjonelle (?) funn nyleg gjort med Kepler- teleskopet som er plassert ute i verdsrommet.
Sjå mot nordaust- himmelen om kvelden. Flyttar seg mot sør og vest utover natta (Mot høgre om du ser sørover,- i retning Haugesund, Stavanger, Spania og Sydpolen 🙂 )
Skisse frå Jodrell Bank Centre for Astrophysics – The University of Manchester