Her kjem siste nytt om Oumuamua, det omlag 400 m lange og 40 m breide objektet som vart oppdaga i solsystemet vårt den 19. oktober av PanSTARR- systemet. PanSTARR er eit nettverk av teleskop som heile tida leitar etter objekt som kan vere til fåre for Jorda. Då tenkjer eg på kollisjon som til dømes mellom ein asteroide og Jorda.

Slik tenkjer ein seg “Oumuamua” om lag ser ut på nært hald, om det er ein slags komet av stein og metall.

Truleg er objektet som fekk Hawaii- navnet «Oumuamua» som tyder «Den fyrste bodbringaren lang borte frå», ein avlang diger stein som kan ha reist gjennom verdsrommet i millionar,- kan hende milliardar av år.

Det var eit teleskop på Hawaii som oppdaga han, difor navn frå Hawaii. Du ser det under her: PanSTARTRS1.

Det ein veit med sikkerheit etter å ha studert det kontinuerlig sidan det vart oppdaga, er at det er avlangt og tilsynelatande raudleg på fargen grunna lang tids stråling frå ulike kantar av verdsrommet.

Farten har det vore sagt ulikt om. Men ein har no kalkulert seg ferdige til at han er 154 000 km/t.

KLIKK HER for å sjå korleis han kom stupande ned i solsystemet vårt, og ferda utover att.

Alt tyder på at han kjem frå eit anna solsystem enn vårt, men frå kvar veit ein ikkje.

Fleire vitskapsfolk, og blant dei Stephen Hawking, seier at forma er optimal for lange reiser i rommet sidan nåleaktig / sigaraktig form minimaliserer skader og slitasje frå kosmiske gassar og partiklar i den høge farten gjennom rommet.

Det som er uvanleg, er forma, farten, den uvanlege banen ( ikkje eliptisk slik asteroidar og kometar går i bane rundt Sola) og at han ikkje har hatt tegn til hale under passeringa nær sola slik stein og is- objekt ville ha grunna partiklar dei misser grunna friksjon mot solvind- strålinga og varmen frå stjerna vår, Sola.

«Oumuamua» har tilsynelatande ikkje missa noko som helst.

Over: Green Bank radioteleskopet

Av desse grunnane er ein open for at de kan vere noko som er laga ein stad der ute, som til dømes ein sonde frå ei anna verd eller til og med eit utanomjordisk romskip. Kan hende eit skada eller øydelagd som har drive rundt der ute i millionar av år.

For i alle fall å gjere kva ein kan for å finne ut av dette, pågår no avlyttingar av objektet med hjelp av Green Bank radioteleskopet i West Virginia i USA. Avlyttinga foregår i periodar over fleire timar på ulike frekvensar.

Ein håpar at det før eller seinare sender ut ei eller anna form for radiosignal om det er ein sonde eller eit romskip, og teleksopet kan høyre signal så svake som frå ein mobiltelefon sjølv på slike enorme avstandar.

Det er på veg ut frå solsystemet, og fjernar seg heile tida frå oss. Avstanden til «Oumuamua» frå Jorda er no dobbel så stor som avstanden til Sola, eller omlag 300 millionar km.

Dei har langt frå analysert alle data frå lyttinga, men ut frå dei lyingane som er analyserte er det ingenting så langt som tyder på at det er noko anna ein ein framand stein som har reist ufatteleg langt. Ein skal halde fram med lyingane også no i helga.