Berre ei kjapp oppsummering denne gongen.

1) Den avlange forma (fyrst antatt å vere 400 x 40m, men også 800 x 80m er nevnt. I alle fall er objektet mykje lenger enn breit og heilt sikker avlangt).
Det underlege med denne forma når det gjeld kometar og asteroidar, er at dei er alltid meir eller mindre runde, klumpete osv. Aldri avlange.

2) Dei går i større eller mindre banar rundt Sola (altså vår stjerne), og er altså på eit vis bundne til Sola slik Jorda og alle planetane i vårt solsystem er.
Men “Oumuamua” er ikkje bunden til vår sol i det heile tatt. Han/det kom inn i solsystemet vårt i “eit bratt stup” med ein fart av 315 000 km/t, medan asteroidar og kometar vanlegvis fér gjennom rommet med nokre tusen til 80 000 km/t.
Gjorde ein “slakk sving”, og fér no rett ut att.

3) Det er ikkje berre radiosignal ein lyttar etter, frekvensar kan og gje informasjon om is, metall, gassar osv.

4) Fargen er raudleg, slik han ofte er på objekt som har opphelde seg i rommet i lang tid (1000-vis, millionar eller milliardar år). Det er på grunn av stråling.

5) Han slapp absolutt ingenting frå seg under passering av Sola. Slik kometane til dømes gjer,- difor halen (eigentleg to halar). Gass, støv, partiklar, is….

6) Ein trur framleis at det er ein heilt ukjend type asteroide som klart ikkje kjem frå vårt solsystem. Men kvar han kjem frå, veit ingen.
Asteroide navnet på “Oumuamua” er 1I / 2017 U1.

7) Om det skulle vere noko som er laga ein stad ein gong i tida der ute, er det mange teoriar. Kan det til dømes vere ein sonde som reiser frå solsystem til solsystem (frå stjerne til stjerne), og hentar inn data ? Det skulle då vere svært enkelt å ta i mot mange typar signal frå Jorda. Vil han i så fall sende ei form for testsignal attende til oss ?
(Det tek om lag 1 minutt for radiobylgjer å nå oss frå der han er no).

Eller tek han/det alle innsamla data ein gong i framtida med seg heim att der han/det kom frå ?

8) Innsamla lytte- data er ende ikkje ferdig analysert. Og lyttinga fortset.
Ikkje noko er funne så langt,- hverken som radiosignal, eller som tyder på gassar, is og slikt.