Kometen ATLAS er på veg mot sola, og vil passere Jorda på det næraste den 14. november. Men astronomar har helde auga med han sidan han vart oppdaga så seint som i desember i fjor,- altså i 2019.

Taken by Michael Jaeger on October 28, 2020
@ Jauerling, Austria

Faktisk vart han oppdaga av systemet NASA er ein del av, som skal oppdage eventuelle objekt med kurs mot Jorda. Difor navnet ATLAS = Asteroid Terrestrial-impact Last Alert System.

Det vert vel oversett til omlag « Asteroidisk jordkollisjon siste augneblenks åtvaringssytem». Høyrest fælsleg ut, og er det også om det ein gong skulle skje. Det vitenskapelege navnet til kometen er C/2019 Y.

Ein trudde fyrst at denne kometen skulle bli ein av dei lyssterkaste og mest spektakulære kometane som har blitt observert dei siste 20 åra.

Men så, i mars månad, avtok lyset noko. Huble-teleskopet fotograferte den 20. april at kometen hadde delt seg opp i 25 mindre deler. Tre dagar seinare kunne ein på eit anna bilete sjå 30 deler.

NASA / Huble- telescope

Grunnen til at slikt skjer, veit ein ikkje sikkert. Men det kan vere at gassar innanifrå kometen pressar på etter kvart som han nermar seg sola og gassisen smeltar. Samstundes som denne kometen ikkje er av det mest solide slaget.

Ein kan neppe sjå han med det blotte auga, men ein 10 x 50 kikert skulle vere til god hjelp. Sjølvsagt også mindre teleskop,- og jo betre optisk utstyr jo betre ser ein han.

Ofte skin kometane blågrønt. Fargen kjem frå gassar inne i kometen som når dei slepp ut i vakumet i verdsrommet reagerer med stråling frå sola, i sær med UV- stråling. Støv og partiklar som fell frå kometen jo nærare sola han kjem, er også ein del av skinet då dei reflekterar sollyset.

Det har lenge vore hevda at den grønaktige delen av kometlyset, kjem frå den giftige gassen cyanogen ( C2N2 ). Jamvel har enkelte frykta at me kan bli gassforgifta om Jorda passerer gjennom ein komethale. Men det er vist ei utbreid misstyding at det er C2N2- gassen som skin i grønt. Gassen cyanogen er likevel éin av fleire gassar i kjernen. Andre gassar er karbondioksid (CO2), karbonmonoksid (CO), metan (CH4) og ammoniakk (NH3). Gassane er frosne til dei nermar seg sola. I tillegg til is (frosne gassar) er det i kometen steinartar og støv.

Kometen ATLAS har ein korona (lyset rundt kometkjernen) som er omlag på storleik med månen ! Det er difor han skin så sterkt.

Under har eg teikna inn korleis han fér over himmelen i november.

Stjernebiletet Orion «bak» kometen, ser du i sør-aust seint på kvelden og i vest tidleg om morgonen.

Stjernebiletet bevegar seg litt oppover og mot vest i løpet av natta. Det er eit av dei lettaste stjernebileta å få auge på. Karakteristisk er dei tre stjernen som tett saman lagar ei linje som skrår oppover mot høgre = Orions belte.