I desse dagar og netter fér kloden vår gjennom meteorsvermen Geminidene. Det skjer kvart år på denne tid, på same vis som me fér gjennom andre meteorsvermar andre tider av året.

Forklåring lyt til: Kva er ein METEOR ? Faktisk så har dette objektet tre navn: METEORIDE = når objektet tusslar omkring ute i verdsrommet utan at me ser det. METEOR = dersom objektet kjem inn i atmosfæren til Jorda, og me ser det det som stjerneskót. METEORITT = Den delen / resten av objektet som ikkje brenn opp i atmosfæren og som dett ned i hav eller på landjorda.

Kva er ein METEORSVERM ? Ein sverm av meteorar / stjerneskót.

Kvifor er meteorane der ute, og kva vil dei ? Kvar gong ein komet dreier rundt Sola mister han gass, støv, is og stein. Desse partiklane er det me ser som ein lang hale etter kometen. Halen kan bli svært lang, og den lengste komethalen ein til no kjenner til er halen til kometen 153P/Ikeya-Zhang’ som er over 1 milliard km lang ! Dette fann ein ut i år (2020), sjølv om kometen har vore kjend sidan 1. februar 2002 då han vart oppdaga samstundes av ein japansk og ein kinesisk astronom. Difor navnet Ikeya-Zhang. Altså; om du er den fyrste som oppdagar ein “ny” komet, vert han oppkalla etter deg. Er det fleire som oppdagar han samstundes, får han navnet til samtlege. Det er internasjonale reglar om korleis dete provast. Nett denne kometen stikk innom nabolaget kvart 366,51 år. Men han er ikkje blandt dei kometane som utgjer potensiell fåre for kollisjon med Jorda.

153P/Ikeya-Zhang

Men når det gjeld meteorsvermen Geminidene er det ansleis. Dei kjem ikkje frå ein komethale, men frå asteroiden (?) 3200 Phaethon. Oppdaga 11. oktober 1983. Astronomane funderer på kva dette objektet eigentleg er; Det legg etter seg hale som ein komet gjer, og er samstundes blåleg av farge. Omlag 5 km i diameter. Det er også halen. Og…ehem…..nett denne asteroiden er blandt dei ein held nøye oppsyn med, då han utgjer ei mogeleg kollisjonsfåre for Jorda…… Han kryssar nemleg banane til både Merkur, Venus, Jorda og Mars.

Han har ei middlehastigheit på 19,98 km/sek, altså 71 928 km/t. Er me interesserte i å kollidere med noko som er 5,1 km i diameter og som har ein hastigheit på 72 000 km/t samstundes som Jorda fér avgårde med 107 000 km/t….NEI ! Me greier oss fint med å kike på stjerneskóta i halen etter han, som er på det mest intensive 13. og 14. desember.

3200 Phaeton kan sjåast med teleskop. Det er kart på Internett som syner kvar ein skal sjå etter han.

Etter “normale” kometar ser me oftast to halar. Begge vender vekk frå sola. Den eine vert til av partiklane som fell frå kometen jo nermare han er Sola. Dette fordi kometen treff solvinden, som er protonar, atomar, elektronar og tyngre metall som vert slengt ut frå Sola. Slike stelare vindar “bles” med ein fart av 20 til 2000 km/sek. Det kjem an på tilhøva på stjerna det gjeld. Vår eiga stjerne, Sola, sender avgårde solvindar i 2-300 km/sek frå rolege områder og i 700 km/sek frå koronale hól og aktive områder.

Den andre halen er gassar som lyser opp når dei møter solvinden. Når kometen har dreia rundt Sola, og er på veg utover att, er halane faktisk framføre kometen,- dei “dreg han med seg”. Det er p.g a det eg skreiv over, at halane vender alltid vekk frå Sola.

SLIK VERT STJERNESKÓT TIL: Jorda fér avgårde i banen rundt Sola med omlag 107 000 km i timen. “Skisporet” eller “kondesstripa” av partiklar, støv, gass, is- og steinartar kometane legg etter seg som halane, vert verande der ute kvar gong kometen passerer og går i bane rundt Sola som alt anna i solsystemet. Når så me jordbuarar ombord i romskipet vårt, Jorda, dundrar gjennom denne “kondensstripa” til same tid kvart år, vert mykje av innhaldet i stripa / halen dregen inn i atmosfæren til Jorda med ein fart på ca 72 000 km/t. Dette skjer 75 til 120 km oppe i atmosfæren, altså der grensa mot verdsrommet er. Tyngdekrafta til Jorda dreg dei ned, friksjonen mot molekylane i Jorda sin atmosfære varmar dei opp til rundt 5000 grader C som forresten er omlag temperaturen på Sola si overflate, og me ser dei lyse kraftig opp når dei rasar avgårde mot jordoverflata, og som oftast fordampar i løpet av få sekund.

Dei som ikkje fordampar heilt, dett ned i hava eller på Jorda som meteoritt. Dei kan vere verdt alt frå nokre kroner grammet til fleire tusen kroner grammet. I sær Mars- og Måne- meteorittar er verdifulle. Det er avdi dei fortel mykje om då solsystemet vårt vart vart til for 4-5 milliardar år sidan. Då var det mange kollisjonar mellom planetar og asteroidar, og delar av til dømes Mars vart slengd ut i rommet. Det same då Jorda mest vart øydelagd av ein kollisjon med ein mindre planet, som seinare førte til at Månen vart til. I dag kan meteorittar frå desse og andre hendingar for nokre milliardar år sidan dette ned på Jorda. Men dei er ikkje gode å finne, så langt er det berre funne 16 meteorittar i Noreg, enda det over Jorda er estimert å dette ned 48,5 tonn frå verdsrommet i døgeret !

Du kan lese meir om meteorittfunn her: https://www.nhm.uio.no/fakta/geologi/meteoritter/har-jeg-funnet/

Eg har laga skissa over som syner kor meteorsvermen Geminidene er å sjå på himmelen. Slik er stjernehimmelen i sør kl 23:30 i desse desember- dagane. Det er lett å finne Orion; sjå fyrst om du finn dei tre stjernene som står tett på skrå, og som utgjer Orions Belte. Sjå derifrå og skrått oppover mot venstre. Der ser du Tvillingane / Gemini. Ser ut som to personar som held i kvarandre. Stjerna Pollux er hovudet til den eine tvillingen. Stjerna som utgjer hovudet til den andre, heiter Castor. Stjerneskóta synest å stråle ut like over Tvillingane. Det nettopp avdi stjerneskóta ser ut til å stråle ut frå Tvillingane / Gemini, dei vert kalla Geminidene. Men dei har absolutt ingenting med stjernene i Tvillingane å gjere. Stjernene der er mange lysår frå Jorda. Stjerna Pollux er 33,78 lysår frå Jorda. D.v. s at om du kan reise 7,6 x rundt Jorda på eit sekund, vil du “berre” bruke 33,78 lysår å nå fram til Pollux…. Castor er enda lengre borte; 51,55 lysår. Castor ser ut som éi stjerne, men i kraftige teleskop ser ein at det er 6 stjerner som kretsar rundt kvarandre. To av dei skin sterkare enn Sola vår, og dei har også meir masse enn Sola. Så er det to mindre samt to mykje kaldare, raude dvergstjerner. Pollux er ei raud kjempestjerne mykje større enn Sola. Ho er på veg mot undergangen, og har ikkje meir hydrogen att i kjernen som kan fusjonerast til helium slik Sola gjer. Difor svulmar ho voldsomt opp. Dette er komplisert, men eg har skrive detaljert om det før. Pollux skin 32 gonger sterkare enn Sola vår. Det er oppdaga minst éin planet som går i bane rundt denne stjerna. Han er diger; med masse minst 2,3 x massen Jupiter har.