På SOLA er det “roleg”. Som før syslar stjerna vår med å fusjonere 500 millionar tonn hydrogen til 496 millionar tonn helium i sekundet. Noko som ville laga eit spetakkel på Jorda tilsvarande om me står 100 m frå eit jetfly som tek av, dersom verdsrommet kunne transportert lyd. Sjølv om middelavstanden mellom Jorda og Sola er 149 600 000 km. Til stjerne å vere, er dette roleg. (He he).

Solskiva som vender mot oss er heilt utan solflekker. Altså mimimal sjangs for større eksplosjonar og slikt som i verste fall kan skapa ugreie (mildt sagt…) på steinen vår (Jorda).

Men det er eit stort hól i coronaen, eller “overflata” heilt sør. Slike hól oppstår på grunn av at sola er ei gassboble av astronomisk dimensjon (1 million x større enn Jorda) som er i konstant endring og rørsle. Når slike områder oppstår verkar dei mørke i høve til resten av Sola. Det er fordi energien der mellombels er på eit lågare nivå, og plasmaen (partiklar og magnetiske felt) der difor er mindre tett.

Nå vel. Ut ifrå slike coronale hól strøymer det solvind (gigantisk straum / sky av lada partiklar). Vender hólet mot Jorda, fér denne vinden mot oss, treff Jorda sitt magnetfelt,- noko me ser som nordlys. Jo kraftgare solvind, jo meir intenst nordlys.

Solvinden som strøymer ut frå Sola i desse dagar, fér mot os med 500 km/sek. Han treff oss 17. – 18. januar. Då vert det flott nordlys. Kor langt sør det kan sjåast kjem an på intensiteten.

Som eg har skrive mykje om før; skulle eit område med voldsom magnetisk aktivitet,- kalt solflekk,- slengje avgårde ein solstorm mot oss, kan han setje oss attende mange år mellom anna p.g.a kortslutingar ei slik gigantisk lada sky lagar i alle former for elektronisk og elektrisk utstyr og instalasjonar. Inkludert GPS og anna navigasjonsutstyr, datautstyr osv…..mellom anna…DAB- nettet ! (Som eg har vore imot heile tida). Korleis får mydigheitene ut viktige meldingar utan DAB- nett og telefon..???

OK. Vidare: Mogeleg fårlege ASTEROIDAR aukar stadig i antal. Talet på dei er no 2037. Desse er større enn omlag 100 m i diameter og kjem nermare Jorda enn 0.05 astronomiske einheitar. Ca 7,5 millionar km. (Avstanden til Månen er 384 390 km. Til Sola, som alt nevnt, er avstanden ca150 000 000 km).

Ingen av dei har kurs mot oss no. Men ein liten asteroide med diameter på berre 7 m med fart 1.8 km / sekundet kjem svært nær oss den 2. februar. 0,6 x avstanden til Månen. Elles er det mange større som passerer oss lenger ute enn Månen sin bane. I alle fall 42 frå i dag 15. januar og fram til 15. mars. 4 av desse passerer også ganske nær oss.

Bilete under frå SDO/AIA syner det coronalet hólet sør på Sola eg har skrive om. Som du ser er det også eit på nordlege halvkula, men solvinden derifrå treff ikkje Jorda, enda i alle fall.