Blog Image

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Siste nytt om OUMUAMUA

ASTRONOMI Posted on Sat, December 16, 2017 03:52:23

Her kjem siste nytt om Oumuamua, det omlag 400 m lange og 40 m breide objektet som vart oppdaga i solsystemet vårt den 19. oktober av PanSTARR- systemet. PanSTARR er eit nettverk av teleskop som heile tida leitar etter objekt som kan vere til fåre for Jorda. Då tenkjer eg på kollisjon som til dømes mellom ein asteroide og Jorda.

Slik tenkjer ein seg “Oumuamua” om lag ser ut på nært hald, om det er ein slags komet av stein og metall.

Truleg er objektet som fekk Hawaii- navnet «Oumuamua» som tyder «Den fyrste bodbringaren lang borte frå», ein avlang diger stein som kan ha reist gjennom verdsrommet i millionar,- kan hende milliardar av år.

Det var eit teleskop på Hawaii som oppdaga han, difor navn frå Hawaii. Du ser det under her: PanSTARTRS1.

Det ein veit med sikkerheit etter å ha studert det kontinuerlig sidan det vart oppdaga, er at det er avlangt og tilsynelatande raudleg på fargen grunna lang tids stråling frå ulike kantar av verdsrommet.

Farten har det vore sagt ulikt om. Men ein har no kalkulert seg ferdige til at han er 154 000 km/t.

KLIKK HER for å sjå korleis han kom stupande ned i solsystemet vårt, og ferda utover att.

Alt tyder på at han kjem frå eit anna solsystem enn vårt, men frå kvar veit ein ikkje.

Fleire vitskapsfolk, og blant dei Stephen Hawking, seier at forma er optimal for lange reiser i rommet sidan nåleaktig / sigaraktig form minimaliserer skader og slitasje frå kosmiske gassar og partiklar i den høge farten gjennom rommet.

Det som er uvanleg, er forma, farten, den uvanlege banen ( ikkje eliptisk slik asteroidar og kometar går i bane rundt Sola) og at han ikkje har hatt tegn til hale under passeringa nær sola slik stein og is- objekt ville ha grunna partiklar dei misser grunna friksjon mot solvind- strålinga og varmen frå stjerna vår, Sola.

«Oumuamua» har tilsynelatande ikkje missa noko som helst.

Over: Green Bank radioteleskopet

Av desse grunnane er ein open for at de kan vere noko som er laga ein stad der ute, som til dømes ein sonde frå ei anna verd eller til og med eit utanomjordisk romskip. Kan hende eit skada eller øydelagd som har drive rundt der ute i millionar av år.

For i alle fall å gjere kva ein kan for å finne ut av dette, pågår no avlyttingar av objektet med hjelp av Green Bank radioteleskopet i West Virginia i USA. Avlyttinga foregår i periodar over fleire timar på ulike frekvensar.

Ein håpar at det før eller seinare sender ut ei eller anna form for radiosignal om det er ein sonde eller eit romskip, og teleksopet kan høyre signal så svake som frå ein mobiltelefon sjølv på slike enorme avstandar.

Det er på veg ut frå solsystemet, og fjernar seg heile tida frå oss. Avstanden til «Oumuamua» frå Jorda er no dobbel så stor som avstanden til Sola, eller omlag 300 millionar km.

Dei har langt frå analysert alle data frå lyttinga, men ut frå dei lyingane som er analyserte er det ingenting så langt som tyder på at det er noko anna ein ein framand stein som har reist ufatteleg langt. Ein skal halde fram med lyingane også no i helga.



METEORSVERM I NATT – KOMETEN 3200 PHAETHON og meir

ASTRONOMI Posted on Tue, December 12, 2017 22:11:59

SOLA

Berre éin solflekk å sjå. Ingen fare for større eksplosjonar med påfylgjande solstorm.


ASTEROIDAR

For tida 1869 asteroidar som kan kollidere med Jorda, om banen deira vert uroa.

12 stk. passerar oss frå og med i dag og ut månaden. Ingen av dei passerar svært nær oss. Frå 11 til 257 m i diameter.

Farten frå 21 600 km/t til 62 640 km/t.

MEN; sjå under !


METEORSVERM
forårsaka av steinkometen 3200 PHAETHON som også passerer oss i desember.

Forklåring lyt til:


3200 PHAETHON

Ein diger stein-(komet) utan hale med diameter 5km (!) nermar seg oss, og passerer Jorda på det nærmaste 17. desember med rundt 72 000 km / timen i ein avstand på 10,3 millionar km. Det vil sei ca 27 gonger avstanden mellom Jorda og Månen. Ingen fåre for oss denne gongen heller, men i astronomisk samanheng er dette likevel ganske nær Jorda.

NB ! Dette er ein av asteroidane/kometane som utger ei mogeleg fåre for Jorda.

Steinkometen er eit uvanleg objekt halvt rekna som komet og halvt som asteroide.

Ein komet er vanlegvis ein kjerne av isformer, metall og stein. Dei går i vide banar rundt Sola, og passerer éin gong i løpet av 10- år, 100- år eller millionar av år.

Asteroidane går i bane rundt Sola nett slik planetane gjer,- og ikkje i slike vide banar som kometane gjer. Asteroidane består ofte av stein og kan hende mineralar.

3200 PHAETHON har mykje stein og metall i seg, ingen hale enda og fér rundt Sola (og passerer Jorda) éin gong kvart 1 ½ år.

Han kjem til å passere svært nær Sola, mindre enn halvparten av avstanden mellom Sola og Sola sin nærmaste planet Merkur. Han vert då så varm at bly i kjernen eventuelt smeltar og renn som vatn over kometen si overflate.

Det kan også skje at han får hale grunna fragmentar han misser under passeringa av Sola.

Denne passeringa av 3200 PHAETON er den nærmaste til Jorda før 2093 av denne litt merkelege kometen.

I eit mindre teleskop kan han lett sjåast I desse dagar, og fér forbi os spå det nermaste

Så er det slik at nett denne kometen lagar den flotte stjerneskótsvermen Geminidene. Dei kan me sjå på det mest intense natta til 13. og 14. desember. Men også i vekene før og etter. Grunnen er at 3200 PHAETHON kvar gong han passerer Sola slepper frå seg fragmentar (små bitar), som ogå vert gåande i bane rundt Sola. Kvart år på same tid, fér Jorda gjennom denne skya av kometbitar og eit stort antal av dei vert dregne inn mot Jorda. Når dei kjem inn i øvre laget av Jorda sin atmosfære, ser me dei som stjerneskót og eldkuler.

Er me heldige med véret, kan me sjå opptil 120 i timen i natt og i morgon natt. Altså 13. og 14. desember.

Astronomy Club of the Sing Yin Secondary School in Hong Kong har filma kometen.

KLIKK HER for å sjå videoen deira.

Sjå heilt nedst for kvar du skal sjå etter meterosvermen Geminidene.

PRESSEKONFERANSE FRÅ NASA TORSDAG 14. DESEMBER

Så langt eg kjenner til, skal dei orientere om sensasjonelle (?) funn nyleg gjort med Kepler- teleskopet som er plassert ute i verdsrommet.

Sjå mot nordaust- himmelen om kvelden. Flyttar seg mot sør og vest utover natta (Mot høgre om du ser sørover,- i retning Haugesund, Stavanger, Spania og Sydpolen 🙂 )

Skisse frå Jodrell Bank Centre for Astrophysics – The University of Manchester



ROMVÉRET, GJEST FRÅ EI ANNA VERD OG LITT TIL

Romvéret rundt Jorda Posted on Mon, December 04, 2017 10:34:17

Det går tregt med oppdateringa mi på denne sida, men her kjem ei.

SOLA

På stjerna vår,- altså Sola,- er det “roleg” for tida. Om ein kan kalla ein “stad” der rundt 600 millionar tonn hydrogen vert omdanna til 596 millionar tonn helium kvart sekund for å vere «roleg»….

Rett nok er det eit digert såkalla koronalt hól der, kvar frå det strøymer ut solvind i form av lada partiklar i store mengder. Grunnen til at slike hól oppstår, er kort fortald at det er endringar i dei magnetiske felta på Sola. I staden for å returnere til Sola, strekk dei magnetiske felta seg ut i verdsrommet, opnar opp ofte eit område mange hundre eller tusen gonger større enn Jorda og varme gassar og lada partiklar strøymer fritt ut i rommet med ein fart av 25 000 til 50 000 km i timen.

(Noko av det snøggaste som nokon gong er målt når det gjeld vind frå Sola, er under ein solstorm for nokre år sidan då farten var 10 til 16 millionar km / timen !

Om solstormar har eg skrive mykje før; solstorm og CME eksplosjonar).

Bileta over er tekne 3. desember.Det øverste syner ingen solflekker på solsida som vender mot oss for tida. Biletet under syner dei digre koronale hóla.
Frå SDO/AIA.

Desse «hóla» verkar svarte fordi temperaturen der er mykje lågare enn i området rundt. Overflatetemperaturen på Sola er 5505 grader C. I koronale hól er temperaturen typisk rundt 3-4000 grader C. Difor verkar dei myrke /svarte.

I alle høve gjer slik solvind at nordlysaktiviteten rund Jorda sine polar aukar, om retningen på solvinden er slik at han treff oss.

ASTEROIDAR

Nå ja, antalet asteroidar som utgjer ei mogeleg kollisjonsfåre for Jorda aukar heile tida, og er no oppe i 1869.

Det er rekna på kor stor fåre det er for at me skal verta råka av ein asteroide eller komet med diameter på rundt 2 km. Ein har komet fram til at mogelegheita er 1 av 10 000 for at det kan skje dei neste 100 åra.

Ein slik kollisjon vil vere kraftig nok til å utslette store delar av livet på planeten vår, men ikkje kraftig nok til global utsletting av alt liv.

KOMET: Objekt som har ein lang bane rundt Sola. Det går mange tiår, hundrevis, tusenvis eller millionvis av år mellom kvar gong han passerer oss.

Består av stein, mineral og is. For kvar gong dei passerer Sola, misser dei substans og slik oppstår halen. Eigentleg to halar; éin oppstår då varmen frå Sola smeltar isen i kometen, slik at den vert til gass. Fargen på denne halen er blåaktig og peikar vekk frå Sola avdi solvinden «bles» gassen bort frå Sola.

Fargen på denne gassen hjelper til med å fastslå kva gass(ar) det er tale om, i tillegg til smelta is. Ein grønaktig farge kan til dømes peike mot giftige gassar.

Men det er ikkje berre is som vert blest av kometen når han nærmar seg Sola, også støv samt stein- og mineral partiklar. Desse vert ikkje i så stor grad påverka av solvinden, og peikar som oftast i motsett lei av ferda til kometen,- altså bakover. Fargen er ofte raudaktig eller gulaktig grunna refleks frå Sollyset.

ASTEROIDE: Eit objekt frå nokre få meter til fleire km i diameter. Dei går i bane rundt Sola nett slik planetane gjer. Ofte samla i eit belte med 10- tusenvis eller meir av slike steinar. Det største asteroidebeltet ligg mellom Mars og Jupiter.

Ingen av dei som utgjer ei mogeleg fåre for Jorda har kurs mot oss no. Ein fårleg situasjon kan oppstå om banen deira vert uroa grunna kollisjon med andre asteroidar, eller om dei passerer så nær andre planetar i vår solsystem at tyngdekrafta frå dei endrar banen til asteroiden. I sær gjeld dette om dei passerer gigantplanetane Jupiter og Saturn. Det kjem litt an på kva asteroidebelte asteroiden tilhøyrer, eller om han har «slite seg laus».

Eg har skrive om fylgjene av ein slik kollisjon i detaljar for nokre år sidan. Du finn det om du leitar bakover her på sida.

FRAMAND GJEST AV UKJENT OPPHAV STAKK INNOM

Du har truleg høyrt om den lange, sigarforma «tingen» som nyleg vart oppdaga og som har vekt mange spekulasjonar.

«Tingen» har fått navnet «Oumuamua» med opphav frå Hawaii sidan han vart oppdaga av PanSTARRS sitt teleskop / avdeling der.

Biletet over er laga av kunstnar tufta på informasjon henta inn om Oumuamua. Men ingen observerte objektet nær nok til å ta verkelege bilete.

«Oumuamua», oversett frå målføret dei nyttar på Hawaii til god gamaldags nynorsk vert noko slikt som «Den fyrste bodbringaren frå langt borte i frå».

PanSTARRS = Panoramic Survey Telescope and Rapid Response System.

Dette er eit system som kjapt skal oppdage objekt i rommet, særleg med tanke på asteroidar som måtte «finne på» at dei skal sikte seg inn mot oss jordbuarar.

(Ikkje at me kan gjere så mykje frå eller til om éin kjem mot oss,- til det er me altfor opptekne med å lage nye vidundervåpen som me kan gjere ende på kvarandre med. I staden for at nasjonane går saman om å beskytte planeten vår mot asteroide- eller kometkollisjon).

Meir vitenskapeleg heiter objektet no I / 2017 1U, etter fyrst å ha blitt registrert som C / 2017 1U og deretter A / 2017 1U. Kvifor ? Avdi ein fyrst trudde det var ein komet (engelsk: Comet) , og difor C’en i C / 2017 1U». Deretter trudde ein det var ein asteroide (altså A framføre skråstreken), før ein slo fast at dette er fyrste gong eit objekt kan slåast fast ikkje å kome frå vårt solsystem på grunn av banen.

Det er fyrste gong ein har kunna ta i bruk «I» for «Interstelar» i registreringa.

  •  

Banen er heilt uvanleg i høve til slikt som me oftast ser der ute; sjølv om ikkje noko er opp eller ned i universet, vert det slik at om me ser solsystemet vårt slik me pleier sjå det framstilt, kom Oumuamua i eit bratt stup rett nedi solsystemet vårt med nær 53 000 km/t, gjorde ein U- sving (nærmare ein V- sving) rundt Sola og «flaug» beinvegs bratt oppover og ut i det svarte tomrommet att. Ikkje så veldig langt frå Jorda, men vart fyrst oppdaga på veg ut att. Skal fortelje astronomane rundt om fekk fart på seg for å hauste inn mest mogeleg om gjesten før han fór for langt vekk.

KLIKK HER for å sjå banen til objektet gjennom vårt solsystem

Gjennomsnitthastigheita gjennom rommet er sagt å vere vel 16 000 km/t. Men han auka då han nærma seg Sola.

Sjølvsagt var folk som støtt forklarar alt vitskapen ikkje kan gjere nøye greie for (samt ein god del av det vitskapen kan gjere greie for…) kjapt på plass og meddelte oss at dette (igjen…) var besøk av utanomjordiske skapningar.

Sidan ingen var på plassen for å sjå kan me jo ikkje sei dei imot, og heller ikkje kan dei med kjappe forklåringar bekrefte at det er eit utanomjordisk romskip.

Det me kan sei er:

Objektet er omlag 400 meter langt og rundt 40 m breit.

Raudaktig (som ofte asteroidar er).

Farten gjennom rommet før “innflyginga” til vårt solsystem: 94 788 km/t. Like før han passerte Sola på det nermaste, og utførte ein krapp sving “nordover” var farten oppe i 315,800 km/h. Truleg grunna trekk frå gravitasjonskrafta til Sola. Astronomane meiner Oumuamua etter kvart som avstanden til vår stjerne (Sola) og planetane her aukar, vil retardere til farten objektet hadde før det kom inn i vårt solsystem, altså 94 788 km/t.

*** LAGT TIL 27.04.2020: Men i januar 2018 oppdaga ein overraskande nok at farten auka, og 1. juni 2018 var han komen opp i 114 000 km/t. Ei mogeleg forklaring er at gassar eller delar av objektet slapp ut, og slik førte til auka “skubb” framover og litt dreiing av banen. Ein har likevel ikkje funne spor etter slike gassar, eller andre restar i banen bak. Framleis har ein ingen reell forklaring på denne akselerasjonen. ***

Truleg består det av metal- og steinartar.

Gjev ikkje frå seg gassar eller støv slik ein komet gjer når han passerer Sola.

Og med tanke på at det er «folk» ombord, kan eg ta med desse punkta:

Det kom ikkje noko slag form frå signal eller anna stråling frå objektet på nokon frekvens

Farten og kursen er stabil og fylgjer måten ein asteroide eller anna naturleg objekt ville oppføre seg, sjølv om banen til Oumuamua er heilt ansleis. (Om det er utanomjordiske på tur, kan det vel henda at dei ville svinge litt på rattet og stanse, eller i alle fall for eit bel redusere farten til alminneleg god snekkefart for å kike nærmare på til dømes oss..?)

Konklusjonen er at det er eit asteroideliknande objekt frå eit anna solsystem enn vårt.

I byrjinga kunne det tyde på at kursen er slik at han kjem frå området nær stjerna Vega i stjernebiletet Lyren. I så fall ville han med si hastigheit ha brukt 300 000 år på ferda til oss. Berre det at for 300 000 år sidan var ikkje Vega der objektet då var. Altså kjem han neppe derifrå.

Ein reknar med at det fér frå 1 til 10 slike interstellare objekt (objekt frå utanfor vårt solsystem) gjentnom vårt solsystem kvart år. Men på grunn av farten og avstanden til dei, er dei til no ikkje blitt oppdaga. Men med PanSTARRS- systemet, og elles stadig bere teknologi vil antalet slike observasjonar auke framover. Og det er veldig spanande, anten dei er av naturleg opphav eller snikra saman av nokon der ute.



ROMVÉRET, GJEST FRÅ EI ANNA VERD OG LITT TIL

ASTRONOMI Posted on Mon, December 04, 2017 02:20:27

Det går tregt med oppdateringa mi på denne sida, men her kjem ei.

SOLA

På stjerna vår,- altså Sola,- er det “roleg” for tida. Om ein kan kalla ein “stad” der rundt 600 millionar tonn hydrogen vert omdanna til 596 millionar tonn helium kvart sekund for å vere «roleg»….

Rett nok er det eit digert såkalla koronalt hól der, kvar frå det strøymer ut solvind i form av lada partiklar i store mengder. Grunnen til at slike hól oppstår, er kort fortald at det er endringar i dei magnetiske felta på Sola. I staden for å returnere til Sola, strekk dei magnetiske felta seg ut i verdsrommet, opnar opp ofte eit område mange hundre eller tusen gonger større enn Jorda og varme gassar og lada partiklar strøymer fritt ut i rommet med ein fart av 25 000 til 50 000 km i timen.

(Noko av det snøggaste som nokon gong er målt når det gjeld vind frå Sola, er under ein solstorm for nokre år sidan då farten var 10 til 16 millionar km / timen !

Om solstormar har eg skrive mykje før; solstorm og CME eksplosjonar).

Desse «hóla» verkar svarte fordi temperaturen der er mykje lågare enn i området rundt. Overflatetemperaturen på Sola er 5505 grader C. I koronale hól er temperaturen typisk rundt 3-4000 grader C. Difor verkar dei myrke /svarte.

I alle høve gjer slik solvind at nordlysaktiviteten rund Jorda sine polar aukar, om retningen på solvinden er slik at han treff oss.

ASTEROIDAR

Nå ja, antalet asteroidar som utgjer ei mogeleg kollisjonsfåre for Jorda aukar heile tida, og er no oppe i 1869.

Det er rekna på kor stor fåre det er for at me skal verta råka av ein asteroide eller komet med diameter på rundt 2 km. Ein har komet fram til at mogelegheita er 1 av 10 000 for at det kan skje dei neste 100 åra.

Ein slik kollisjon vil vere kraftig nok til å utslette store delar av livet på planeten vår, men ikkje kraftig nok til global utsletting av alt liv.

KOMET: Objekt som har ein lang bane rundt Sola. Det går mange tiår, hundrevis, tusenvis eller millionvis av år mellom kvar gong han passerer oss.

Består av stein, mineral og is. For kvar gong dei passerer Sola, misser dei substans og slik oppstår halen. Eigentleg to halar; éin oppstår då varmen frå Sola smeltar isen i kometen, slik at den vert til gass. Fargen på denne halen er blåaktig og peikar vekk frå Sola avdi solvinden «bles» gassen bort frå Sola.

Fargen på denne gassen hjelper til med å fastslå kva gass(ar) det er tale om, i tillegg til smelta is. Ein grønaktig farge kan til dømes peike mot giftige gassar.

Men det er ikkje berre is som vert blest av kometen når han nærmar seg Sola, også støv samt stein- og mineral partiklar. Desse vert ikkje i så stor grad påverka av solvinden, og peikar som oftast i motsett lei av ferda til kometen,- altså bakover. Fargen er ofte raudaktig eller gulaktig grunna refleks frå Sollyset.

ASTEROIDE: Eit objekt frå nokre få meter til fleire km i diameter. Dei går i bane rundt Sola nett slik planetane gjer. Ofte samla i eit belte med 10- tusenvis eller meir av slike steinar. Det største asteroidebeltet ligg mellom Mars og Jupiter.

Ingen av dei som utgjer ei mogeleg fåre for Jorda har kurs mot oss no. Ein fårleg situasjon kan oppstå om banen deira vert uroa grunna kollisjon med andre asteroidar, eller om dei passerer så nær andre planetar i vår solsystem at tyngdekrafta frå dei endrar banen til asteroiden. I sær gjeld dette om dei passerer gigantplanetane Jupiter og Saturn. Det kjem litt an på kva asteroidebelte asteroiden tilhøyrer, eller om han har «slite seg laus».

Eg har skrive om fylgjene av ein slik kollisjon i detaljar for nokre år sidan. Du finn det om du leitar bakover her på sida.

FRAMAND GJEST AV UKJENT OPPHAV STAKK INNOM

Du har truleg høyrt om den lange, sigarforma «tingen» som nyleg vart oppdaga og som har vekt mange spekulasjonar.

«Tingen» har fått navnet «Oumuamua» med opphav frå Hawaii sidan han vart oppdaga av PanSTARRS sitt teleskop / avdeling der.

«Oumuamua», oversett frå målføret dei nyttar på Hawaii til god gamaldags nynorsk vert noko slikt som «Den fyrste bodbringaren frå langt borte i frå».

PanSTARRS = Panoramic Survey Telescope and Rapid Response System.

Dette er eit system som kjapt skal oppdage objekt i rommet, særleg med tanke på asteroidar som måtte «finne på» at dei skal sikte seg inn mot oss jordbuarar.

(Ikkje at me kan gjere så mykje frå eller til om éin kjem mot oss,- til det er me altfor opptekne med å lage nye vidundervåpen som me kan gjere ende på kvarandre med. I staden for at nasjonane går saman om å beskytte planeten vår mot asteroide- eller kometkollisjon).

Meir vitenskapeleg heiter objektet no I / 2017 U1, etter fyrst å ha blitt registrert som C / 2017 U1 og deretter A / 2017 U1. Kvifor ? Avdi ein fyrst trudde det var ein komet (engelsk: Comet) , og difor C’en i C / 2017 1U». Deretter trudde ein det var ein asteroide (altså A framføre), før ein slo fast at dette er fyrste gong eit objekt kan slåast fast ikkje å kome frå vårt solsystem på grunn av banen.

Det er fyrste gong ein har kunna ta i bruk «I» for «Interstelar» i registreringa.

Banen er heilt uvanleg i høve til slikt som me oftast ser der ute; sjølv om ikkje noko er opp eller ned i universet, vert det slik at om me ser solsystemet vårt slik me pleier sjå det framstilt, kom Oumuamua i eit bratt stup rett nedi solsystemet vårt med nær 53 000 km/t, gjorde ein U- sving (nærmare ein V- sving) rundt Sola og «flaug» beinvegs bratt oppover og ut i det svarte tomrommet att. Ikkje så veldig langt frå Jorda, men vart fyrst oppdaga på veg ut att. Skal fortelje astronomane rundt om fekk fart på seg for å hauste inn mest mogeleg om gjesten før han fór for langt vekk.

KLIKK HER for å sjå banen gjennom vårt solsystem.

Gjennomsnitthastigheita gjennom rommet er sagt å vere vel 16 000 km/t. Men han auka då han nærma seg Sola.

Sjølvsagt var folk som støtt forklarar alt vitskapen ikkje kan gjere nøye greie for (samt ein god del av det vitskapen kan gjere greie for…) kjapt på plass og meddelte oss at dette (igjen…) var besøk av utanomjordiske skapningar.

Sidan ingen var på plassen for å sjå kan me jo ikkje sei dei imot, og heller ikkje kan dei med kjappe forklåringar bekrefte at det er eit utanomjordisk romskip.

Det me kan sei er:

1) Objektet er omlag 400 meter langt og rundt 40 m breit.

2) Raudaktig (som ofte asteroidar er).

3) Farten gjennom rommet er vel 16 000 km/t (27 km/sek).

4) Truleg består det av metal- og steinartar.

5) Gjev ikkje frå seg gassar eller støv slik ein komet gjer når han passerer Sola.

Og med tanke på at det er «folk» ombord, kan eg ta med desse punkta:

1) Det kom ikkje noko slag form frå signal eller anna stråling frå objektet på nokon frekvens

2) Farten og kursen er stabil og fylgjer måten ein asteroide eller anna naturleg objekt ville oppføre seg, sjølv om banen til Oumuamua er heilt ansleis. (Om det er utanomjordiske på tur, kan det vel henda at dei ville svinge litt på rattet og stanse, eller i alle fall for eit bel redusere farten til alminneleg god snekkefart for å kike nærmare på til dømes oss..?)

Konklusjonen er at det er eit asteroideliknande objekt frå eit anna solsystem enn vårt.

I byrjinga kunne det tyde på at kursen er slik at han kjem frå området nær stjerna Vega i stjernebiletet Lyren. I så fall ville han med si hastigheit ha brukt 300 000 år på ferda til oss. Berre det at for 300 000 år sidan var ikkje Vega der objektet då var. Altså kjem han neppe derifrå.

Ein reknar med at det fér frå 1 til 10 slike interstellare objekt (objekt frå utanfor vårt solsystem) gjentnom vårt solsystem kvart år. Men på grunn av farten og avstanden til dei, er dei til no ikkje blitt oppdaga. Men med PanSTARRS- systemet, og elles stadig bere teknologi vil antalet slike observasjonar auke framover. Og det er veldig spanande, anten dei er av naturleg opphav eller snikra saman av nokon der ute.



Romvéret rundt Jorda og dalstroka innafor frå og med 13.10 og dei fyrste dagane framover

Romvéret rundt Jorda Posted on Fri, October 13, 2017 01:49:17

Går tregt med romvèrmeldingane mine for tida. men her kjem ei til.

SOLA (som altså er stjerna “vår”, som befinn seg i ein middelavstand på 150 millionar km frå oss, som har plass til 1 million jordklodar inne i seg, som odannar (fusjonerar) 620 millionar tonn hydrogen til 616 millionar tonn helium kvart sekund,- dei 4 millionar tonn i differanse er strålinga som i denne prosessen fèr ut i rommet i form av lys, varme og ein grubråte med anna stråling,- og som, dersom verdsrommet kunne transportere lyd, ville laga eit slikt fælsleg spetakkel at det ville vore som om me stod 100 m frå eit jetfly under avgang,- som på dette viset syter for at kloden vår og me er i live,- og som skråsikkert ein gong langt der framme om ca 1,5 milliardar år vil starte prosessen med å gjere ende på heile Jordkloden) er det roleg for tida.
Mistenkjeleg roleg, ( “roleg” er eit relativt begrep om ein tek omsyn til det eg nett skreiv over…) sidan det er 4. dag på rad utan ein einaste solflekk å sjå. [= områder som oppstår grunna magnetiske tilhøve på Sola, ofte fleire gonger større en Jorda, og som stundom slengjer solstormar i fleisen på oss (har skrive i detaljar om dei før her)].

Sjå bilete under frå NASA (Eg va nett ute og henta da):

ASTEROIDAR
Som mange kjenner til ( ikkje minst sidan eg taut mykje om dette i går…) passerte den ca 17 m i diameter store asteroiden med det vakre navnet 2012-TC4, oss kl 05:42 norsk tid torsdag morgon. Og det gjorde han berre 42 000 km frå oss. D.v s berre ca 1/10 av avstyanden til Månen frå oss.
KLIKK HER for link til videoar, skilderi etc.

Talet på asteroidar som utgjer ei potensiel fåre for steinen me bur på, har stege ein god del dei site månadane, og er no oppe i 1843. Dei er alle over 100 m i diameter.
Men ingen av dei har kurs mot oss her og no.

Asteroidar “flyg” forbi oss som reine kråkeflokken frå og med no og ut oktober; i alt 10 stk, og ikkje mindre enn tre av dei passerer oss i dag fredag.

Storleiken er frå 15 til 677 m i diameter, men dei fèr forbi oss på betryggjande avstand. Farten frå 7,2 til 24,5 km/sek. (26 – 88 000 km/timen)

Det er verre med dei som kjem mot oss med sola i “ryggen”, sidan dei er omtrent umogelege å oppdaga før dei eventuelt tørnar inn i atmosfæren med bulder og brak slik den i Chelyabinsk i Russland den 15. februar 2013. Den hadde ein fart på 60 – 69 000 km/timen og var ca 20 m i diameter. Han eksploderte omlag 2 – 3 gonger høgare oppe enn der passasjerflya flyg (29,7 km eller 97 000 fot oppe i atmosfæren), der me til vanleg ser nordlys og stjerneskòt. Likevel førte trykkbylgja frå eksplosjonen til skade på 7 200 bygningar og 1500 personar måtte søkje legehjelp, hovudsakeleg for skader etter å ha blitt truffne av glas frå knuste vindaugsruter. Sjå video HER.



NY KJEMPESMELL PÅ SOLA I DAG, ONSDAG!

ASTRONOMI Posted on Wed, September 06, 2017 23:21:10

Eg skal ta det i rett rekkefylgje, men fyrst lyt eg forklåre skilnaden på to typar eksplosjonar som skjer på stjerna vår, sola. Dei er vanlege, men kraftige «utgåver» ser me ikkje ofte.

Den eine eksplosjonen vert på norsk noko slikt som «SOLGLIMT». På engelsk «SOLAR FLARE». Ein kan ikkje sjå slike eksplosjonar med auga grunna det kraftige lyset frå Sola. Men med teleskop eller spesialutstyr vert dei lett synlege som lysande eldbogar som skyt 5000 til 15000 km ut i rommet frå Sola. Dei kan stundom nå enda lengre ut. Temperaturen er nokre millionar grader. Grunnen til at det oppstår ein bóge, er at dei enorme tyngdekreftene på Sola dreg den brennande gassen /plasma ned at mot Sola. Dei kan vare frå minuttar til timar, og energien som vert løyst ut tilsvarar millionar av 100 megatonns hydrogenbomber !

Når eit slikt solglimt / solar flare skjer, vert det samstundes frigjort mange typar stråling,- frå radiobylgjer vía røntgen- til gammastråling. Dei spreier seg i alle retningar med lyset sin hastigheit, som er tett opp i mot 300 000 km/sek.

Det vil sei at strålinga treff Jorda rundt 8 minuttar etter solglimtet, om det skjer på solsida som vender mot oss.

Her på Jorda kan dei føre til forstyrrelsar eller heilt bortfall av radiosamband, satellittar kan verte øydelagde. Astronautar kan kome i livsfåre på grunn av fårleg stråling.

Sidan Sola vert nøye overvaka både frå Jorda og frå satellittar frå fleire nasjonar, kan ein gjennomføre tiltak om ein trur det er fåre for slike eksplosjonar. Ein kan slå av straum i installasjonar på bakken og i satellittane, få astronautar inn i romfartøy og helst i skuggen av Jorda.

Flytrafikk kan varslast om at det kan oppstå problem med navigasjon og radiokommunikasjon i utsette områder.

Den andre eksplosjonen, vert kalla CME = CORONAL MASS EJECTION.

Dei skil seg frå SOLGLIMT med at det her er snakk om ei gigantisk sky av lada partiklar frå Sola som vert slengd i veg i retninga skya har frå Sola. Denne skya vert ofte kalla SOLSTORM.

Ho fér gjennom rommet med mange tusen km i timen, men ikkje med lyset si hastigheit slik stråling frå SOLGLIMT gjer.

Dersom Jorda er i fartsretninga, treff skya oss typisk 2 til 4 dagar etter CME- eksplosjonen.
Storleiken på ei slik sky / solstorm kan vere fleire tusen, eller fleire millionar gonger større enn Jorda.

Når dei lada partiklane i skya / solstormen tørnar saman med Jorda sitt magnetfelt, oppstår det ofte kraftig nordlys.

Ekspertar hevdar at om me skulle få eit direkte treff frå ein kraftig solstorm, vil det kunne førfe til voldsomme endringar for oss: Heile den teknologiske infrastrukturen som me er fullstendig avhengige av, vil bryte heilt eller delvis saman. Me kan tenkje oss katastrofen dersom teknologien i sjukehus, offentleg transport, pengeflytting, radiosamband, straum, privatbilar og hushaldning fell bort. I verste fall kan straumtilføringa over heile Jorda bli øydelagd.

Det seier seg sjølv at det vil ta mange år å byggje dette opp att.

Som nemt tidlegare, har me i slike høve 2 til 4 dagar på oss for å setje igang mottiltak, sidan CME eksplosjonen vil oppdagast av den kontinuerlige observasjonen av Sola.

Ofte, men ikkje alltid fylgjer ein CME- eksplosjon tett på, eller skjer samstundes, med ein SOLGLIMT eksplosjon.

SJÅ UNDER BILETE AV BEGGE FORMANE FOR SOLARE EKSPLOSJONAR:

OVER SOLGLIMT- eksplosjon / SOLAR FLARE


OVER: CME- eksplosjon. Ein ser tydeleg plassmaskya av lada gasspartiklar som vert slengd ut i rommet. Det er ei slik sky som no truleg er på veg omtrentleg mot oss for andre gong på nokre dagar. Men det er likevel ikkje snakk om noko flammehav slik det ser ut i det solstormen forlet Sola på biletet.
Men derimot ei gassky av lada partiklar.

KVA HAR HENT PÅ SOLA DEI SISTE DAGANE ?

På måndag kveld skjedde ein kraftig eksplosjon på Sola i ein solflekk som vende mot oss jordbuarar då det small. Stråling av mange typar fór avgårde med lyset sin hastigheit, og traff deler av Jorda 8 minuttar seinare.

Enkelte radiosamband vart uroa på nordlege halvkule.

Ein CME- eksplosjon skjedde omlag samstundes, og denne skya / solstormen er rekna å treffe Jorda i kveld onsdag når eg skriv dettte.

Sjølv ser eg ikkje nordlys i kveld, men eg bur litt uhamsleg til.

Denne solstormen er ikkje kraftig nok til å føre til store øydeleggjingar.

MEN I DAG SMALL DET IGJEN PÅ SOLA.

Krafta på SOLGLIMT vert klassifisert med bokstavane S, C, M og X. Kvar bokstav har tal bak seg slik at X3,2 er kraftigare enn X1,5.

S er den svakaste gruppa, M er middels kraftig medan X står for dei kraftigaste solglimta.

Eksplosjonen i dag skjedde norsk tid 14:02 og nådde heilt opp i X9,3.
Over store delar av Jorda fall høgfrekvent radiosamband bort. GPS navigasjonssytem fall ut i 1 time enkelte stader.

Dette gjaldt også Europa.

Samstundes skjedde ein CME- eksplosjon. Ein held no på å rekne på om solstormen frå denne treff oss, i så fall kvar og når. Sola har jo dreia solflekken litt vekk frå oss sidan forrige smell.

Som tidlegare skrive, treff han oss i så fall om 2 til 3 dagar.

Me får sjå kva som skjer.



Om CME eksplosjonen på Sola mandag kveld.

ASTRONOMI Posted on Wed, September 06, 2017 00:35:38

Som eg skreiv i går, kunne den raskt veksande solflekken på Sola eksplodere.
Og som sikkert mange har høyrt i nyhendingsendingane i dag, smalt det.
Vel,- “smalt” er vel ikkje heilt rett uttrykt, sidan det er mest berre vakum i verdsrommet og ingen gassar som kan transportere lydbylgjer.

I alle fall er no ein solstorm på veg mot oss. Siste prognosane er at han treff oss onsdag
kveld.
Solstorm vil kort fortalt sei ei diger sky av lada partiklar som rasar gjennom verdsrommet mot oss, sidan solflekken peika mot oss då eksplosjonen skjedde.
Farten på stormen har eg kalkulert til rundt 32 000 km/t.

I kortare perioder kan han nå kategori G3 som betyr kraftig solstorm.

Fylgjene vert truleg forstyrelsar i lågfrekvent radionavigasjon og satellit- navigasjonsssystem.
Radiokommunikasjon i HF området kan bli forstyrra, og enkelte alarmsystem kan verta utløyste.

Satelittar i låg bane rundt Jorda kan verta bremsa ein del, og kan hende må justering til.

På den positive sida er det gode sjangsar for flott nordlys, om véret vert slik at me kan sjå det. Det oppstår når dei lada partiklane i solstormen tørnar saman med Jorda sitt magnetfelt.

Klikk HER for å sjå video av eksplosjonen teke frå solobservasjons- romfartyet “The Solar and Heliospheric Observatory”, som er eit lite romfarty drive med samarbeid mellom den europeiske romfartsorganisasjonen ESA og amerikanske NASA.
I videoen er sola dekka til slik at ein ikkje vert blenda av koronaen, det skarpe lyset rundt sola.

Under ser du bilete av romfartyet. Det vart sent ut i rommet i 1995.



ROMVÉRMELDING FOR JORDA OG DALSTROKA INNAFOR FRÅ 05.09 OG DEI NÆRASTE DAGANE FRAMOVER

Romvéret rundt Jorda Posted on Mon, September 04, 2017 23:34:44


SOLA

Ein solflekk har på berre nokre dagar vokse seg svært stor. Biletet under er teke av Maximilian Teodorescu frå Romania, og det syner intenst varme plassmastraumar i solflekken.

Det kan tyde på at ein større eksplosjon er i vente, – og solflekken peikar beint mot oss jordbuarar.
Storleiken er slik at det er plass til ein del jordklodar i han.

Vert det takk og farvel til DAB- radioen alt no ? Truleg ikkje, men eg har i nokre år åtvara mot innføring av DAB med tanke på kva som skjer om Jorda vert truffen av ein solstorm. Kan ikkje sei eg har fått truverdig garanti frå DAB- ekspertar om fylgjene. I eit høve kor eg stilte dette spørsmålet, fekk eg til svar at «jo det betimeleg med DAB og solstorm».

Eg er redd DAB då pakkar saman stort sett for godt, eller for ei tid, og eg spør meg korleis me då skal verte varsla i fall naturkatastrofe, terror eller krig.

Og eg er langt frå den einaste som uroar meg over dette. Ein professor i radiobylgjer som eg kontakta alt i 2014, er heller ikkje overtydd om at DAB er uproblematisk om me vert treft av ein solstorm.

Nå vel attende til solflekken; I fall det skjer ein CME eksplosjon vert han vel truleg ikkje så kraftig at me vert råka av så kraftig solstorm at det får fylgjer for elektriske og elektroniske instalasjonar på Jorda,

Har skrive mykje på desse sidene tidligare om solstormar og CME- eksplosjonar på Sola.

ASTEROIDAR

Dei kjem tett som hagl innover i nabolaget vårt framover, men ingen store er nærgåande.

Derimot har det nyleg passert mindre nær oss. Éin av dei i mindre avstand enn avstanden til Månen, og i byrjinga av oktober kjem ein så nær at han vil rote til hårsveisen vår. Eg kjem attende til han når det nærmar seg.

Det er for tida 1803 asteroidar som utgjer ei potensiell kolisjonsfåre for Jorda.



« PreviousNext »